Karl Edvardsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl Edvardsen
Fødd11. november 1883
Død18. september 1963 (79 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Karl Johan Edvardsen (11. november 188318. september 1963) var ein gardbrukar, tømmermålar og politikar frå Brunlanes i Vestfold.

Edvardsen var son til ein gardbrukar. Han arbeidde i yngre år med «jordbruk og skogdrift» heime på farsgarden, bortsett frå ein skulevinter på landbruksskule. Frå 1912 til -51 var han formann i tømmerfløytinga og tømmermålar. Perioden 1932-51 var han gardbrukar heime på Kjose i Brunlanes.

Edvardsen var med i Brunlanes heradsstyre frå 1919 til 1951, varaordførar 1928–1934 og ordførar 1934–1951. 1949-50 var han òg formann i fylkestinget. Han var elles medlem av Fylkesvegstyret i Vestfold og i Tilsynskommisjonen for Vestfoldbanen. Hausten 1949 vart Edvardsen vald til å representere Vestfold på Stortinget 1950-53, eit val gjort mogleg gjennom ei fellesliste med Bondepartiet. På Tinget var han medlem i Administrasjonskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]