Karl Enger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Karl Albert Enger (28. februar 18391936) var ein embetsmann og stortingmann frå Kristiania. Han var medlem av Høgre.

Enger var son til ein urmakar. Sjølv vart han student i 1856 og cand. jur. i 1863. Frå 1864 var han assistent og fullmektig ved Christiania Politikammer. Han var politimeister i Tromsø 1873-81 og byfut i Porsgrunn frå 1881 til -95. Sidan var han sorenskrivar i Follo.

Enger var medlem av bystyret i Tromsø 1875-81, og ordførar i Drøbak. Perioden 1889-91 representerte han Porsgrunn på Stortinget. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen, frå 10. mars 1890 var han også medlem av Lagtinget.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914