Karl Erik Harr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Erik Harr

Karl Erik Harr (fødd 8. mai 1940 i Kvæfjord ved Harstad i Troms) er ein norsk kunstmålar, teiknar, grafikar, illustratør og kunstskribent. Han er utdanna ved Statens Kunstakademi under Aage Storstein og Per Palle Storm frå 1962 til 1964. Han har illustrert fleire bøker, blant anna av Knut Hamsun, Petter Dass og Erik Bye, men òg bøker med eigen tekst. Han har utført fleire dekorasjonsoppdrag. Han debuterte på Statens Kunstutstilling i 1967. Sidan har han hatt ei rad separatutstllingar og kollektive utstillingar. Han er òg innkjøpt av Nasjonalgalleriet.

Heilt sidan 1960-talet har Karl Erik Harr vore ein av dei fremste nyromantiske kunstnarane i Noreg. Han arbeider i ein romantisk realisme med figurative, effektfulle bilete blant anna av nordnorsk natur og folkeliv.

I 1985 fekk han Petter Dass-medaljen. I 2007 vart han tildelt St. Olavs Orden av 1. klasse.

Bøker med eigen tekst og illustrasjonar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Offentlege utsmykningsoppdrag (utval)[endre | endre wikiteksten]

Karl Erik Harr er bror til biletkunstnarane Jan og Eva Harr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne atikkelen byggjer på ei omsetjing frå bokmålswikipediaen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]