Karl Fischer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Fischer
Fødd 12. april 1861
Oslo
Død

30. mars 1939
Oslo

Yrke bibliotekar

Karl Kristian Emil Fischer (12. april 186130. mars 1939) var ein norsk journalist og bibliotekar frå Oslo. Han var gjennom fleire tiår ein leiande bibliotekmann i Noreg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Fischer var fødd i Christiania og voks opp både der og på Hamar og i Drammen. Han tok examen artium 1879, studerte deretter filologi ved universitetet i Kristiania og tok embetseksamen 1887.

Frå 1885 til 1910 arbeidde Fischer ved Universitetsbiblioteket i hovudstaden, der han var engasjert i kjøp av ny litteratur på framande språk. Ved sida av arbeidet i biblioteket var han 1891-96 lærar ved Otto Anderssens skole, og skreiv utanriksartiklar i Norske Intelligenz-Seddeler og bokmeldingar i Aftenposten. Perioden 1900-11 var han norsk redaktør av det danske Salmonsens konversationsleksikon, som hadde ei rekke norske medarbeidarar og la stor vekt på norsk stoff.

Fischer var ein av tre menn som i 1901 fekk i oppdrag av Kyrkjedepartementet å vurdere den vidare utviklinga av biblioteksaka i Noreg. Komitéarbeidet resulterte i innstillinga Folkebogsamlinger i Norge. Innstillinga bidrog til å vekke forståing for betydninga av eit utbygd nett av folkebibliotek og ei profesjonell koordinering av arbeidet.

Frå 1910 var Fischer tilsett som stortingsbibliotekar. Elleve år seinare fekk han ei stilling i Kyrkjedepartementet, der han arbeidde med folkebiblioteksaka. Allereie to år tidlegare vart han formann i ein ny bibliotekkomité som i 1921 kom med Innstilling om bibliotekvesenets ordning. Denne innstillinga fremja forslag om reglar for statsbidrag, endring i lov om pliktavlevering, oppretting av ein norsk bibliotekskule, lovfesta skuleboksamlingar og distribusjon av offentlige publikasjonar.

Fischer starta tidsskriftet For folke- og barneboksamlinger, som i 1916 endra namn til For folkeoplysning. Han var redaktør til 1933, då det fekk namnet Bok og Bibliotek. Etter han døydde vart Karl Fischers Fond oppretta til beste for yngre bibliotekarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]