Karl Fjermeros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl Fjermeros
Fødd29. september 1885
Død8. oktober 1972 (87 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Karl Johan Fjermeros (29. september 18858. oktober 1972) var ein norsk skulemann og Venstre-politikar frå Høvåg i Vest-Agder. Han var far til Bue Fjermeros.

Fjermeros var son til ein gardbrukar og byggmeister. Sjølv tok han eksamen ved Kristiansand lærerskole i 1906, og var så nokre år lærar i folkeskule og framhaldsskule. I 1910 var han lærar ved folkehøgskulenVossevangen. Frå 1911 til 1945 underviste han i folkeskulen i Kristiansand, skuleåret 1920/21 også ved Kristiansand lærarskule.

I 1942 var Fjermeros ein av dei som vart arrestert under tyskarane sin aksjon mot lærarane og send til Kirkenes. I 1945 vart han tilsett skuleinspektør i Oddernes herad, før han i 1947 fekk stillinga som skuledirektør i Agder og Stavanger, ei stilling han hadde til 1956.

Fjermeros engasjerte seg i politikken i Oddernes og vart vald til formannskapsmedlem i 1922. Frå 1928 var han ordførar til han i 1941 vart avsett av okkupasjonsmakta, men i 1945 tok han oppatt vervet. Etter frigjeringa var han konstituert fylkesmann i Vest-Agder i mai og juni 1945 og fylkesordførar i Vest-Agder.

Valbolken 1945-49 var Fjermeros stortingsrepresentant for Venstre og Vest-Agder, medlem av protokollkomiteen. Ved stortingsvalet 1949 mislukkast han i å verte attvald. Fjermeros var aktiv i målsaka, både som formann i Kristiansand mållag og i Vest-Agder mållag. Ei tid sat han også i styret i Noregs Mållag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]