Karl Hals

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl Hals

Karl Marius Anton Johan Hals (27. april 18227. desember 1898) var ein pianofabrikant. Han var fødd i Sørum, far hans var offiser.

Hals gjekk i snikkarlære i Christiania frå 1838. Åra 1843-47 arbeidde han utanlands. Saman med broren Petter Hals oppretta han pianofabrikken 'Brødrene Hals' i Christiania. Då broren døydde i 1871 overtok han heile fabrikken.

Hals var engasjert i organisasjonslivet innan handverk og industri. Han var formann i 'Den norske håndverks- og industriforening' og i 'Fellesforeningen for håndverk og industri'. Også formann i Kunstforeningen og i pensjonskassa Glitne. Hals hadde elles ei rekke andre offentlege verv, og sat fleire periodar i bystyret i Christiania. Han var medlem av tollkommisjonane av 1878 og av 1887.

Perioden 1889-91 representerte Hals partiet HøgreStortinget, vald frå krinsen Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger. Han var medlem av tollkomiteen.

Hals vart i 1874 utnemnd til riddar av St. Olavs Orden og fekk kommandørkorset av 1. klasse i 1889. I tillegg var han kommandør av Dannebrogordenen og riddar av Æreslegionen.

Han døydde 1898 i Kristiania.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]