Hopp til innhald

Karl Hein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl Hein


StatsborgarskapTyskland
Fødd11. juni 1908
Hamburg
Død 10. juli 1982 (74 år)
Hamburg
Idrettfriidrett
Tok del i Sommar-OL 1936

Karl Hein (11. juni 190810. juli 1982) var ein tysk idrettsutøvar frå Hamburg som i 1936 vart olympisk meister og i 1938 europameister i sleggjekasting.

Hein vart tysk meister i sleggjekast åra 1936, 1937, 1938. Under dei olympiske leikane i Berlin 3. august 1936 sette han olympisk rekord med eit kast på 56,49 meter og sikra seg gullmedaljen, nær halvtanna meter føre landsmannen Erwin Blask.

Sommaren 1938 forbetra Hein verdsrekorden ved to høve. 21. august i Osnabrück oppnådde han 58,24 meter. To veker seinare flytta han rekorden til 58,77 m ved EM i friidrett 1938 i Paris.

Etter andre verdskrigen vart han tysk meister i sleggjekast i 1946 og –47. Han vart tildelt Rudolf-Harbig-Gedächtnispreis i 1962.