Karl Honz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl Honz

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 28. januar 1951 (73 år)
Moos
Yrke friidrettsutøvar, sprintar
Språk tysk
Høgd 186 centimeter
Karl Honz på Commons

Karl Honz (fødd 28. januar 1951) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som vart europameister på 400 meter for Vest-Tyskland i 1974.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Honz sette personleg rekord på 200 m med 20,8 i 1971. Same sesongen deltok han for Vest-Tyskland i europameisterskapen i Helsingfors, men med tida 21,5 vart han slått ut i forsøksløpet.

Året etter valde Honz å satse på 400 meter. I den vesttyske meisterskapen i München i slutten av juli månad 1972 sette han europarekord med tida 44,70, det nest beste 400 m-løpet i verda den sesongen. Han hadde ingen vanskar med å nå finalen på distansen under sommarleikane på same stadion vel ein månad etter, men i finalen sprang han ikkje opp mot sitt beste og vart nummer sju med 45,68. I 4x400 meter stafett kom Honz i mål til fjerdeplass for Vest-Tyskland på tida 3.00,8.

Honz opplevde sin store triumf under friidretts-EM 1974 i Roma. På den individuelle 400-meteren var han heilt suveren og vann gullmedaljen på tida 45,04, framom David Jenkins frå Storbritannia og med sin eigen landsmann Bernd Herrmann på tredjeplass. På avslutningsdistansen i meisterskapen tok han sølv på 4x400 meter stafett for Vest-Tyskland, saman med Hermann Köhler, Horst-Rüdiger Schlöske og ankermann Rolf Ziegler, to tidels sekund bakom vinnarlaget frå Storbritannia.

Honz vart vesttysk meister på 400 m både i 1972 og 1973.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]