Karl den einfaldige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Karl III av Frankrike)
Karl den einfaldige

Fødd17. september 879
FødestadPéronne
Død7. oktober 929
DødsstadPéronne
Gravstadcollégiale Saint-Fursy de Péronne
Gift medEadgifu av Wessex, Frédérune
DynastiKarolingarane
FarLudvig II av Frankrike
MorAdelaide av Paris
BornLudvig 4., Hildegarde av France, Gisela av Frankrike, Ermentrud des Francs, Roricon of Laon
Karl den einfaldige. Måleri av Georges Rouget (1783–1869)

Karl den einfaldige, eller Karl III, fransk Charles le Simple (17. september 8797. oktober 929) var konge av Vestfrankarriket frå 893 til 922/923. Han tilhøyrde det karolinske dynastiet.

På grunn av stadige vikingåtak i Vestfrankerriket som truga Paris, tok Karl i 911 ei dramatisk avgjere ved å inngå ein avtale med vikinghøvdingen Rollo og gje landområder i det vestlege Frankarriket til dei norrøne nordbuarane som vern mot åtak i resten av riket sitt. Dette markerte opprettinga av hertugdømet Normandie.[1]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Karl vart ikkje kalla for «den einfaldige» fordi han var mindre begåva eller dum, men epitetet skal forståast som «lojal» eller «utan svik».[2]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Karl var son av kong Ludvig stammaren, fødd etter at faren døydde, og mora var den tredje kona til Ludvig, Adelaide av Frioul (eller av Paris), datter av grev Adalard av Paris.[3] Karl vart gift med Frederuna som døydde i 917 og vart deretter gift med Edgiva av Wessex (eller Ædgifu), dotter av Edvard den eldre av England, den 7. oktober 919.

Som barn vart Karl hindra frå å ta trona, først av halvbroren Karloman som døydde i 884 utan ein mannleg arving,[4] og deretter av onkelen Karl den tjukke, som vart vald av den frankiske adelen,[5] men styrta i 887. I staden for Karl etterfølgde Odo, greven av Paris, Karl den tjukke.

Konge[endre | endre wikiteksten]

Karl den einfaldige kunne først overta trona etter at kong Odo døydde i 898. Han var då 19 år gammal. Han vart krona til konge i Notre-Dame de Reims.[6]

Karl sitt vestfrankiske kongedømme var bortimot identisk med dagens Frankrike, men i 911 vart han tvinga til å gjera Normandie til eit hertugdømme for vikinghøvdingen Rollo, som truleg var identisk med nordmannen Ganga-Rolv gjennom Saint-Clair-sur-Epte-traktaten. Som motyting for å få Normandie måtte Rollo forhindra nye vikingangrep og herjingar i Frankrike. Han skulle òg gifta seg med kongen si eldste og utanomekteskapelige dotter Gisela, i tillegg til å la seg døypa som kristen. Det siste skal Rollo ikkje ha teke så høgtideleg.

I 911 døydde Ludvig, den siste kongen av det austfrankiske riket, og då gjorde Karl seg òg til konge av Lotharingia med vidare krav på heile det karolinske riket. I 922 gjorde nokre føydalherrar opprør under leiing av baronane Gilbert av Lorraine, Rudolf av Burgund og hertug Robert I, bror til Odo og Hugo Capet sin farfar. Dei fekk krona Robert I som konge den 29. juni 922. Året etter vart kong Robert I drepen i slaget ved Soissons den 15. juni 923, men sonen hans,  Hugo den store makta å samla styrkane sine til ein fornya kamp gjennom å visa fram sin liket til far sin og til slutt vart kong Karl overvunnen.

Hertug Robert av Burgund vart vald til ny konge medan Karl flykta til vasallen sin Herbert II av Veramndois, men syster til Herbert var gift med Robert I, og han lét Karl setjast i fangenskap i eit av tårna i festninga Péronne i Somme, der han til slutt døydde etter seks års fangenskap. Han vart gravlagd i Péronne ved klosteret Saint-Fursy.

Kona hans, Edgiva, rømde til England med sonen sin som difor fekk namnet Ludvig frå den andre sida av havet då han seinare kom tilbake for å kronast til konge som Ludvig IV av Frankrike i 936.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bauer, Susan Wise (2010): The History of the Medieval World, s. 489
  2. Riché, Pierre (1993): The Carolingians; A Family who Forged Europe, s. 246
  3. Schwennicke, Detlev (1984): Europäische Stammtafeln: Stammtafeln zur Geschichte der Europäischen Staaten, Neue Folge, bind II, Marburg: J. A. Stargardt, tabell 1
  4. Fanning, Steven; Bachrach, Bernard S., red & overs. (2011): The Annals of Flodoard of Reims, 9919–966, Toronto: University of Toronto Press, s. xv
  5. Riché, Pierre (1993): The Carolingians; A Family who Forged Europe, overs. Michael Idomir Allen, Philadelphia: University of Pennsylvania Press, s. 216
  6. Parisse, Michel 2005): «Lotharingia» i: Reuter, Timothy: The New Cambridge Medieval History, III: c. 900–c. 1024, Cambridge: Cambridge University Press, s. 313–315.