Karl IV av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl IV av Noreg
Karl XV av Sverige
Karl XV i mitten av 1860-talet.jpg
Konge av Sverige og Noreg
Regjeringstid8. juli 1859-18. september 1872
Fødd3. mai 1826
FødestadStockholms slott
Død18. september 1872 (46 år)
DødsstadMalmö
GravlagdRiddarholmskyrkan i Stockholm
FøregjengarOskar I
EtterfølgjarOskar II
Gift medLovisa av Nederland
Motto«Land skal med Lov bygges»
FarOskar I
MorJosefina av Leuchtenberg
BornLovisa av Sverige
Karl Oskar Vilhelm Fredrik, (1852-1854)

Karl Ludvig Eugen (3. mai 182618. september 1872) var konge av Noreg og Sverige som Karl IV av Noreg og Karl XV av Sverige frå 1859 til 1872.

Karl var son av Oskar I og Josefina av Leuchtenberg. Han gifta seg 19. juni 1850 med Lovisa av Nederland. Då han blei døypt blei han utnemnd til hertug av Skåne.

Han blei krona til konge i Sverige den 3. mai og i Noreg den 5. august 1860.

Lovisa og Karl fekk to born; Karl Oskar Vilhelm Fredrik som døydde to år gamal og Lovisa. Lovisa blei seinare dansk dronning, gift med Fredrik VIII av Danmark. Ho blei mellom anna mor til Kristian X av Danmark av Danmark, Haakon VII av Norge og prinsesse Ingeborg, som blei gift med Carl Bernadotte av Sverige og var mor til kronprinsesse Märtha.

Broren Oskar II tok over trona etter at Karl døydde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]