Hopp til innhald

Karl Johan Johannessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl Johan Johannessen
StatsborgarskapNoreg
Fødd28. april 1943
Ålesund kommune
Død 6. september 2025 (82 år)
Skarbøvik
Idrettfotball

Karl Johan Johannessen (28. april 19436. september 2025) var ein norsk fotballspelar frå Ålesund. «Kallen» spelte vanlegvis i angrep eller på midtbana. Han dreiv ei tid gatekjøken før han fekk jobb i Sunnmørsposten. Johannessen også aktiv i badminton og fremja fotballgolf.

Johannessen spelte i 1959 på Aksla Idrettslag sitt fotballag. I 1960-61 melde han seg inn i Sportsklubben Herd og var i 1965 og 1966 med på vinne 3. divisjon Møre, men begge åra tape kvalifiseringskampane om opprykk til 2. divisjon. Sommaren 1967 melde han overgang til oslolaget Lyn i 1. divisjon. Her vart han i 1968 seriemeister og noregsmeister. Vinteren var han med då Lyn i Spania tapte dobbeltmøtet mot FC Barcelona i cupvinnarcupen med 4 mot 5. Kallen skåra begge Lyn sine mål i den andre cupkampen 5. februar 1969. Sesongane 1970-71 var Johannessen tilbake i Herd, før han i 1972 og 1973 spelte for byrivalen Skarbøvik IF som i 1973-sesongen deltok i 2. divisjon. 1974-76 var han aktiv for Aalesunds FK. Så skifta han over til Herd att, og spelte 4. divisjonsfotball til 1984.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Johannessen spelte ein einaste landskamp. 6. november 1968 i Strasbourg var han med å vinne 1–0 over Frankrike i ein kvalifiseringskamp til Fotball-VM 1970, etter ei skåring av Odd Iversen i det 67. minutt.