Karl Julius Arnesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl Julius Arnesen
Fødd23. januar 1847
Christiania
Død5. desember 1929 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkeprest, omsetjar, politikar
Alle verv

Karl Julius Arnesen (23. januar 18475. desember 1929) var ein norsk prest og stortingsmann frå Christiania. På Stortinget representerte han Høgre.

Arnesen var son til ein departementstilsett. Han vart student frå Nissens skole i Christiania i 1865 og cand. theol. fem år seinare. I 1871 vart han personalkapellan i Balestrand, frå 1874 sokneprest i Bindal. Deretter residerande kapellan i Horten frå 1878. Han var så sokneprest i Sarpsborg 1884-95, Hetland 1895-1906 og Tønsberg frå 1906.

Arnesen var ordførar i Bindal 1877-78, seinare var han medlem av bystyret i Sarpsborg. Elles var han medlem av forlikskommisjonane i Horten og i Sarpsborg.

Arnesen representerte Sarpsborg på Stortinget 1886-91 og 1895-97. Han var 1886-89 medlem av protokollkomiteen, medan han 1890-91 og 1895-97 var medlem av gasje- og pensjonskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914