Karl Nordström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Nordström
Karl Nordström photo.jpg
Fødd 11. juli 1855
Tjörn, Q10678566
Død

16. august 1923
Drottningholms slott, Lovö

Yrke kunstmålar
Karl Nordström på Commons
Granngårdarna i Appelvik, 1894
Regnbågen, 1899
Kyrkesund, 1911

Karl Fredrik Nordström (11. juli 185516. august 1923) var ein svensk målar, særleg kjend som landskapsmålar. Han var leiar for Konstnärsförbundet 1896-1920 og var på 1890-talet aktiv i den såkalla Varbergsskolan.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Nordström var fødd og oppvaksen på øya Tjörn i Västra Götaland. Som 20-åring reiste han til Stockholm for å studere ved Konstakademien, der han mellom andre vart instruert av Edvard Perséus. Mellom 1880 og -82 studerte han på ulike stader i Frankrike, der han særleg orienterte seg impresjonistisk målarkunst.

I 1886 gifta han sig med kunstnaren Tekla Lindeström. Saman med mellom andre Carl Larsson, arbeidde ekteparet i den svenska kunstnarkolonien i Grez-sur-Loing ved Paris. Nordström budde så i Tjörn og fleire andre stader i Sverige. Somrane 1893-95 heldt han til i bygda Appelvik sør om Varberg, saman med Nils Kreuger og Richard Bergh. Desse målarane danna den såkalla Varbergsskolan. Nordström måla i desse åra verk som Varbergs fäste, Skymningsmotiv från Varberg, Natt, Granngårdarna i Appelvik, Solglitter på havet og Borreberg på Tjörn.

Nordström var mellom grunnleggjarane og ein av dei leiande i Konstnärsförbundet, styreleiar 1896-1920. Han var også lærar på Konstnärsförbundets målarskola i byrjinga av 1900-talet, med mellom andre Tor Bjurström til elev.

Nordström var ein nær ven av August Strindberg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]