Karl Olafsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Olafsen
Fødd 22. juni 1880
Tune
Død

2. februar 1927

Yrke politikar

Karl Bolivar Olafsen (22. juni 18802. februar 1927) var ein norsk meieriarbeidar frå Tune i Østfold som representerte kjøpstadene i Østfold og Akershus fylkeStortinget i åra 1922-27. Han var vald for Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti.

Karl Olafsen var fødd utanfor ekteskap. Han voks opp i Tune og sidan Sarpsborg, men då stefaren døydde, flytta mora med familien tilbake til Tune. Frå 1895 arbeidde Karl Olafsen ved De Norske Melkefabrikker i Sandesund i tretti år.

Frå 1910 var Olafsen medlem av bystyret i Sarpsborg, som ordførar frå 1919 til han døydde. Han var også skulestyreformann i Sarpsborg 1915-18, og leiar av ein komite som handsama spørsmålet om utviding av Sarpsborg by.

Hausten 1921 vart Olafsen vald til stortingsmann frå dei fire byane i Østfold og kjøpstaden Drøbak i Akershus. Han vart vald for det nyskipa Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, eit parti danna av utbrytarar frå det radikaliserte Norske Arbeidarparti. Ved Stortingsvalet 1924 vart han attvald. Både i den fyrste og andre tingperioden var han medlem i Universitets- og fagskulekomiteen. Tidleg i 1927-sesjonen døydde Olafsen, 46 år gammal. Abraham Aakre rykte då inn på Tinget som tidlegare fyrste varamann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]