Karl Ove Moene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl Ove Moene

Fødd18. oktober 1949
Voss herad
NasjonalitetNoreg
Yrkesamfunnsøkonom
InstitusjonarØkonomisk institutt
Alma materØkonomisk institutt
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Academia Europaea

 Karl Ove «Kalle» Moene (fødd 18. oktober 1949) er ein norsk økonom og professor ved Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo.

Moene vart fødd på Voss og voks opp i Bergen.[1] Han er cand. oecon. frå Universitetet i Oslo (UiO) i 1977 og er dr. philos. frå 1984. Han var professor ved UiO frå 1987. Hans viktigaste arbeidsfelt har vore fordelingsspørsmål og samanlikning av økonomiske institusjonar, særleg i arbeidsmarknaden. Han er kjend som ein original tenkjar med ein spiss penn. Han skriv jamleg kronikkar i Dagens Næringsliv. Sidan 2002 har Moene vore knytt til Centre for the Study of Civil War ved Institutt for fredsforsking.

Moene leiar eit forskingsarbeid som skal analysera samanhengane mellom sosial organisering (særleg på arbeidsmarknaden), økonomisk utvikling og fordeling av velstanden.[2] Dette prosjektet vert forkorta ESOP (Equality, Social Organization and Performance), og vert ofte referert til som forsking på «den nordiske modellen». I eit arbeid om lønslikskap viser han saman med Erling Barth at ein generøs velfedsstat bidreg til lønnssamanpressing og at lønnssamanpressing gjev auka oppslutning om ein generøs velferdsstat.[3] Dei to mekanismane understøttar kvarandre og gir opphav til ein likskapsmultiplikator. Likskapsmultiplikatoren kan likevel òg vera negativ og føra til auka ulikskap – som i USA i perioden 1981-2001.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2011 vart han tildelt Norges forskningsråds formidlingspris «for sin evne til å forklare komplekse økonomiske spørsmål på en forståelig måte»[4] og same året vart han også tildelt Akademikerprisen.[5] I 2016 vart han tildelt forskingsutmerkinga Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning.[6] I 2019 fekk han Kverulantkatedralens økonomipris.[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Maurseth, Per Botolf (25. april 2019). «Karl Ove Moene». Store norske leksikon (på norsk). Henta 24. oktober 2019. 
  2. Professorens julekupp
  3. Moene, K and Barth, E 2009. The Equality multiplier. NBER working paper series
  4. Forskningsrådets formidlingspris til Kalle Moene[daud lenkje] 23.09.2011
  5. Akademikerprisen til Kalle Moene Arkivert 2014-10-19 ved Wayback Machine. 09.10.2011
  6. – En ære å få pris Dagsavisen
  7. «Kalle Moene får Kverulantkatedralens økonomipris», www.aftenbladet.no (på norsk bokmål), henta 21. mars 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]