Karl Straume

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Straume
Karl Straume portrait 1967.jpg
Fødd 14. mai 1877
Hovdebygda
Død

7. desember 1968
Hovdebygda

Yrke kunstmålar, lyrikar
Karl Straume på Commons
Kunstmålaren Karl Straume 1953.
Foto: Arne F. Køpke, Billedbladet NÅ/Arkivverket
Karl Straume og sonen Oddvar 1953.
Foto: Arne F. Køpke, /Arkivverket

Karl Olav Straume (18771968) var ein norsk kunstmålar frå Hovdebygda i Ørsta. Han fornorska etternamnet sitt frå Strømme til Straume.

Foreldra var fanejunker Ola R. Strømme (1842-1908) og Ane Petrine, fødd Hovden, som var syster til Anders Hovden. Karl Straume var farbror til kunstmålaren Olav Strømme.

Karl Straume tok lærarutdanning og arbeidde i skulen i 3 år, før han bestemte seg for å bli kunstnar. Han utdanna seg ved Kunstakademiet under Chr. Krohg og Halfdan Strøm og seinare Acedemie Moderne under Friesz i Paris. Han debuterte i Aalesunds kunstforening i 1910, og var representert på Haustutstillinga i 1914. Karl Straume arbeidde mest med oljemåleri, men laga også tresnitt og arbeidsteikningar til biletvev.

Karl Straume var med å starte Møre kunstnerlag i 1931 og var formann i foreininga i 15 år. Møre kunstnerlag heiter no Bildende kunstnere Møre og Romsdal. Straume var formann i styret for Ivar Aasen-museet frå 1946 til 1967.

Straume skreiv dikt, og fekk i 1967 gitt ut diktsamlinga Lilja i dalenLunde forlag.

I 1961 fekk Karl Straume Kongens fortenestmedalje i gull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]