Karl X av Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl X av Frankrike
Charles X In 1829.jpg
Konge av Frankrike og Navarra
Regjeringstid16. september 1824 – 2. august 1830
Fødd9. oktober 1757
FødestadVersailles
Død6. november 1836
DødsstadGorizia
GravstadAnnunciation Parish Church (Nova Gorica)
Gift medMarie-Thérèse de Savoie
Gift medMaria Teresa av Savoia
DynastiHuset Bourbon
FarLudvig Ferdinand
MorMaria Josepha Carolina av Sachsen
BornLouis-Antoine, hertug av Angoulême
Sophie av Frankrike
Charles Ferdinand, duc de Berry

Karl X (9. oktober 17576. november 1836)[1] var konge av Frankrike og Navarra frå 1824 til han abdiserte som følgje av julirevolusjonen i 1830.

Karl var den yngste sonen til den franske kronprinsen Ludvig Ferdinand og Maria Josepha Carolina av Sachsen. Han var bror av både den avretta Ludvig XVI og Ludvig XVIII, som var den første kongen etter restaurasjonen.

Karl X var først kjend som greven av Artois (fransk comte d'Artois) fram til han blei konge av Frankrike i 1824.[2] Han blei gift i 1773 med Marie-Thérèse av Savoie (1756–1805), dotter av kong Viktor Amadeus III av Sardinia. I 1789, i samband med den franske revolusjonen, rømde han frå landet og kom først attende då Napoleon I fall i 1814. Han levde fråskild frå kona si, som døydde i 1805. Karl hadde opphald i Savoie, Torino, Trier og Koblenz før han ved utbrotet av Dei franske revolusjonskrigane i 1792 slo seg ned i Storbritannia, der han budde i London og Edinburgh med elskarinna Louise de Polastron.

Karl X overtok trona etter broren Ludvig XVIII i 1824. Han blei krona 28. mai 1825. Karl X viste seg å vera ein regent som ønska å vinna tilbake stordommen og den eineveldige makta frå fortida, og dette gjorde han lite populær. Ministeren hans Jules de Polignac vekte også negative reaksjonar. Til sist braut Julirevolusjonen ut, og han blei tvinga til å abdisera.

Sonen hans, Louis-Antoine, måtte også skriva under på abdikasjonen. Ein eldre son, Karl Ferdinand, hertug av Berry, blei drepen i 1820. Karl Ferdinand fekk likevel ein son, Henri, hertug av Bordeaux, fødd etter at han døydde. Denne sonen kunne dermed gjera krav på den franske trona. Henri blei likevel ikkje innsett som konge etter Karl X. Makta gjekk i staden over til den fjernare slektningen Ludvig Filip.

Barn[endre | endre wikiteksten]

  1. Louis-Antoine av Artois, hertug av Angoulême (1775-1844)
  2. Sophie av Artois (1776-1783)
  3. Karl Ferdinand av Artois, hertug av Berry (1778-1820)
  4. Marie Therese av Artois (1783)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Karl X fra Nordisk Familjebok
  2. Mary Platt Parmele (1894). A Short History of France. New York: Charles Scribner's Sons, s. 221.