Karlsøyfjorden i Romsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Karlsøyfjorden er ein fjordarm av Romsdalsfjorden i Molde kommune i Romsdal. Fjorden strekkjer seg 12 km mot aust til Røvik. Fjorden ligg på nordsida av øya Sekken og sør for øyane som skil fjorden frå Moldefjorden og Fannefjorden i nord.

Fjorden har innløp mellom Kvalen på Sekken i sør og Fårøya i nord. Ei anna øy på nordsida av fjorden er Bolsøya og Bolsøysundet går mellom øya og fastlandet. Bolsøybrua kryssar sundet via riksveg 64, som går langs dei indre delane av fjorden. Inst i fjorden ligg bygda Røvik.