Karmei Yosef
Karmei Yosef | |||
landsby | |||
Karmei Yosef
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | |||
![]() Karmei Yosef | |||
Wikimedia Commons: Karmei Yosef | |||
Karmei Yosef (hebraisk skrift כַּרְמֵי יוֹסֵף, tyder 'Yosef-vingardane', òg skrive Carmey Yosef) er ein fellesbusetnad sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah mellom Ramle og Rehovot og høyrer til Gezer regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 800 omkring 400 hushaldningar.
Landsbyen vart grunnlagd i 1984 av tidlegare innbyggjarar i Ness Ziona og Rehovot, og vart kalla opp etter Yosef Sapir. Karmei Yosef er spreidd utover kring 1640 mål. Han ligg 200–260 meter over havet, og grensar til Ayalondalen i nord og Meginimskogen i sør. Karmei Yosef ligg midt i eit kring 7500 mål stort jordbruksområde, der det hovudsakleg vert dyrka druer, i tillegg til frukt og olivenlundar.
Karmei Yosef ligg like ved den antikke byen Gezer.[1] Gezer vart ein viktig kanaanittisk by i bronsealderen og israelittisk by i jernalderen. Byen er nemnt på Merneptah-stelen som er datert til slutten av 1200-talet fvt., og i følgje Bibelen, slo Josva kongen av Gezer i slaget om Kanaan (Josva 10:33).
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Karmei Yosef» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettstad (he)