Karo Espeseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karo Espeseth
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. desember 1903
Skåre kommune
Død

7. august 1991 (87 år)

Yrke skribent
Ektefelle Gerhard von Mende
Born Erling von Mende

Alma Karoline «Karo» Espeseth, seinare Alma Karoline Von Mende (15. desember 19037. august 1991) var ein norsk forfattar.[1] Ho gav ut berre to bøker. Den første, Sår som ennu blør, vart kritisert for å vera utuktig og spelte dermed ei rolle i kulturkampen i Noreg i 1930-åra.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Karo Espeseth var dotter av skomakaren Moses Abrahamsen Espeseth og Petra Pedersen.[2] Foreldra vart gift først eit halvt år etter at ho blei fødd.[3] Ho var gift med den tyske turkologen Gerhard von Mende (1904–1963), som hadde tilknyting til den høgtståande nazisten Alfred Rosenberg.[4] Ho var mor til sinologen Erling von Mende (fødd 1940).

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Karo Espeseth kom frå Skåre ved Haugesund. Ho studerte jus, sosialøkonomi, litteraturhistorie, kunsthistorie og psykologi i Oslo, Strasbourg, Berlin, Köln og Paris.[5] I 1931 gav ho ut sin første roman, Sår som ennu blør, hos Gyldendal. Med denne boka plasserte Espeseth seg i den psykoanalytiske retninga innanfor norsk litteratur, saman med blant anna Sigurd Hoel og Aksel Sandemose.[6] Romanen handlar om eit sadomasochistisk tilhøve mellom ein tysk mann som har opplevd den fyrste verdskrigen, og ei norsk studine. Boka var uvanleg ved at ho var skriven nærast som eit prosadikt. Litteraturhistorikaren Philip Houm meiner ho med full rett kunne kallast «en slett etterligning av tysk ekspresjonisme».[7]

Sår som ennu blør spelte ei rolle i strida kring moralen i litteraturen i Noreg på byrjinga av 1930-talet. Saman med Rolf Stenersens Godnat da du, Sigurd Hoel sin En dag i oktober og Hans Backer Fürst sin Duskregn vart romanen omtalt i Fredrik Ramms artikkel «Ein skitten strøm flytar utover landet» i Morgenbladet 28. oktober 1931. Forlaget hadde kalla boka «dristig», men Ramm meiner at «boka er ikke dristig, men sadistisk, og kommer inn som en god nr. 1 i den norske konkurransen om litterært svineri Gyldendal Norsk Forlag har arrangert i høst.»

I 1983 gav Espeseth ut den andre boka si, Livet gikk videre. Sår som ennu blør vart gjeven ut opp att i 1995.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1931: Sår som ennu blør, roman
  • 1983: Livet gikk videre, erindringar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketelling 1910 for 1153 Skåre herred: Bosted land: 0041 Sørhaug
  2. SAST, Haugesund sokneprestkontor, H/Ha/Hab/L0004: Klokkerbok nr. B 4, 1889-1905, s. 76
  3. SAST, Haugesund sokneprestkontor, H/Ha/Haa/L0004: Ministerialbok nr. A 4, 1886-1908, s. 212
  4. Hans Fredrik Dahl: Quisling: A Study in Treachery, s. 113. Cambridge University Press, 1999.
  5. Harald Grieg: En forleggers erindringer, s. 253. Oslo: Gyldendal, 1971.
  6. Helge Groth: Hovedlinjer i mellomkrigstidens norske litteratur, s. 249. John Griegs boktrykkeri, 1949.
  7. Philip Houm: Norges litteratur fra 1914 til 1950-årene, s. 349. Oslo: Aschehoug, 1965.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]