Karpás

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Persille som karpás.

Karpás (hebr. כַּרְפָּס [karpās], ‘selleri’) er nemninga på den grønsaken som blir dyppa i anten eddik (sef.), salt vatn (ask.), haróset (eldre skikk, framleis vanleg blant jemenittiske jødar) eller raudvin (nokre ask. kjelder) under sedermåltidet på dei første to kveldane av den jødiske høgtida pesah (jødisk påske). I den sefardiske tradisjonen brukar ein oftast selleri som karpás. Askenasar brukar oftast persille, men òg andre grønsaker blir ofte bruka.

Spire Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.