Karstein Seland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karstein Seland
Fødd 5. januar 1912
Død

13. januar 2005 (93 år)

Yrke politikar

Karstein Seland (5. januar 191213. januar 2005) var ein norsk lærar frå Gyland i Vest-Agder som representerte Hedmark fylke og SenterpartietStortinget 1965-73.

Seland var son til ein gardbrukar og gjekk Søgne landbruksskule 1929-31. Sidan gjekk han småbrukslærarskule 1933-35 og var så lærar ved Blæstad landbruksskule 1938-45. I 1944-45 deltok han i heimestyrkane. Frå 1945 var han overlærar ved Glåmdal jord- og skogbruksskule til 1973.

Frå 1958 til 1964 var Seland formannskapsmedlem i Vinger herad, deretter hadde han plass i Kongsvinger formannskap 1964-67. I fire veker hausten 1963 møtte han som representant for Senterpartiet på Stortinget, då Karen Grønn-Hagen var statsråd i Lyng-regjeringa. Frå 1965 var Seland stortingsrepresentant frå Hedmark i to periodar. Han var heile tida med i Landbrukskomiteen, formann 1969-73.

Seland var så i fire år lektor ved Jønsberg landbruksskole til 1977.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]