Karsten Fonstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karsten Fonstad
Karsten Fonstad.jpg
Fødd 8. juli 1900
Død

28. juli 1970 (70 år)

Yrke Jernbanetelegrafist

Karsten Fonstad (fødd 8. juli 1900Ringsaker, daud 28. juli 1970) var ein norsk jarnbanetelegrafist og politikar, heimehøyrande i Arbeidarpartiet og Noregs Kommunistiske Parti. Han var stortingsmann for Ap i tre periodar.

Fonstad vart fødd som son av elektrikar Johannes Fonstad og Mathea Kristiansen. Han fullførte folkeskulen og amtsskulen i Ringsaker før han frå 1919 til 1920 vart uteksaminert ved Jarnbaneskulen. Etter dette arbeidde han i ein periode som stasjonsbetjent, før han i 1920 vart tilsett som jarnbanetelegrafist hos NSB. Frå 1923 var han stasjonert ved Moelv stasjon, og med unntak av krigsåra, tjenestegjorde han i denne stillinga fram til 1946 då han vart jarnbaneekspeditør.

Han vart medlem av arbeidarungdomsrørsla og Arbeidarpartiet alt i 1916. Ved den store partisplittinga i 1923 følgde han fløya som støtta Komintern so linje, og vart medlem av det nye Noregs Kommunistiske Parti. Han forlét likevel NKP ved partisamlinga NSA/DNA i 1927, og gjekk inn att i Arbeidarpartiet.[1]

I 1925 vart han medlem av Ringsaker heradstyre, og frå 1928 og fram til 1931 fungerte han som ordførar i kommunen. Fonstad kom inn på Stortinget som 1. suppleant etter valet i 1930 frå valkrinsen Hedmark fylke, der han vart medlem av landbrukskomiteen som erstatting for Kristian Lian frå oktober 1931. Han vart vald inn på Stortinget ved valet i 1933 som 6. representant, og sett som medlem av administrasjonskomiteen. Han vart attvald ved valet i 1936, der han då var medlem av veg- og jarnbanekomiteen. Etter at perioden hans på Stortinget var over vart han på nytt aktiv i lokalpolitikken som medlem av Ringsaker heradstyre.

Under okkupasjonen av Noreg vart han i 1941 fråteke sina kommunale verv. Han vart arrestert i februar 1945 og satt fengsla i Hamar fengsel fram til 14. februar då han vart flytt til Grini fangeleir. Der sat han fram til slutten av krigen. Fonstad døydde i juli 1970 og vart gravlagt i heimbygda Ringsaker.[2]

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

  • Landbrukskomiteen 1931–1933
  • Administrasjonskomiteen 1934–1936
  • Veg- og jarnbanekomiteen 1937–1945

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fonstad, Karsten», Arbeidernes Leksikon, bind III, Oslo 1933.
  2. Søk etter «Karsten Fonstad» hos DIS-Norge. (Besøkt 13. oktober 2011)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]