Karsten Warholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karsten Warholm
Karsten Warholm.JPG
Fødd 28. februar 1996
Ulsteinvik
Karsten Warholm på Commons

Karsten Warholm (fødd 28. februar 1996) er ein norsk friidrettsutøvar frå Garshol i Ulstein som i London 2017 vart verdsmeister i 400 meter hekk. Han har elles vunne norske meisterskap på 400 meter, 110 meter hekk, 400 meter hekk og i lengdehopp. Warholm er medlem i Dimna Idrettslag.

Warholm vart sjettemann i 400 meter hekk under europameisterskapen i Amsterdam.

Den 10. juni 2017 forbetra Warholm den norske rekorden på 400 meter til 44,87 sekundar i eit stemne i Florø. Fem dagar seinare vann han langhekken under Bislett Games i Oslo og sette ny norsk rekord med tida 48,25 sekundar.

9. august 2017 overraska Warholm og vann langhekkfinalen under verdsmeisterskapen i London på tida 48,35, framfor Yasmani Copello og olympiameister Kerron Clement.

9. august 2018 under EM i friidrett 2018 i Berlin fekk han snøggaste tid i semifinalane, med 48,67 sekund. I finalen sette han ny norsk rekord med 47,64 sekund, og vann med det sitt første individuelle EM-gull som senior. Tida var òg europeisk U23-rekord på 400 meter hekk.[1] Igjen kom Yasmani Copello på andreplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «European Athletics 400m Hurdles Men». Henta 9. august 2018. 
Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.