Kartesisk koordinatsystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kartesiske koordinatar)
Det kartesiske koordinatsystemet med fire merka punkt: (2,3) i grøn, (-3,1) i raud, (-1.5,-2.5) i blå og (0,0), origo, i gul.

I det kartesiske koordinatsystemet (òg kalla rektangulært koordinatsystem) er koordinataksane vinkelrett på kvarandre. I to dimensjonar er det vanleg å kalle desse for x- og y-aksen. x-koordinaten vert kalla abscisse og y-koordinaten ordinat. Den tredje dimensjonen går då eventuelt langs z-aksen.

Det kartesiske koordinatsystemet vart først nytta av Rene Descartes, som har gjeve namnet.

Koordinatane til eit punkt i eit kartesisk koordinatsystem er bestemt av projeksjonen ned på kvar av koordinataksane. Punktet kan derfor reknast ut frå koordinatane ved å ta lineærkombinasjonen av dei kartesiske basisvektorane, vekta med koordinatane.

I tillegg til kartesiske koordinatar, kan eit punkt verte gjeve i polare, sylindriske eller sfæriske koordinatar.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Eit punkt i planet kan spesifiserast eintydig ved å gje to verdiar, x- og y-koordinaten. For å gje to verdiar samstundes er det vanleg å nytte vektornotasjon, då skriv ein:

for å uttrykke kvar punktet ligg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]