Kasfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kasfjorden er ein fjord i Harstad kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 6,5 km søraustover til Kasfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Indre Elgsnes i nord og Bremnes i Kvæfjord kommune i sør. Berre den ytste, sørlege delen av fjorden høyrer til Kvæfjord. Bygda Skjærstad ligg på vestsida om lag halvvegs inn i fjorden. Austsida av fjorden er ein bratt fjellveg som stig rett opp til Elgen på 534 meter over havet ytst i fjorden. Keipen ligg lenger inn i fjorden på 496 meter over havet og er minst like bratt. Mellom desse to fjella ligg Aunskaret.

Fv1 går langs vestsida av fjorden.