Kasimir I av Polen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kasimir I Fornyaren

Hertug av Polen
Regjeringstid1039-1058
Fødd25. juli 1016
FødestadKraków
Død19. mars 1058
DødsstadPoznań
GravstadKatedralen i Poznań
FøregangarMieszko II Lambert
EtterfølgjarBolesław II
Gift medMaria Dobroniega
DynastiPiast-dynastiet
FarMieszko II Lambert
MorRicheza av Lothringen
BornBolesław II, Władysław I Herman,
Otto, Mieszko, Świętosława

Kasimir I Fornyaren (polsk Kazimierz I Odnowiciel; (25. juli 101628. november 1058) var ein hertug frå Huset Piast. Han var herskar av Polen i åra 1039-1058. Han er kjend som Fornyaren fordi han klarte å samle Polen etter ein periode med forvirring og kaos, og gjeninnlemma dessuten Masovia, Schlesien og Pommern i riket. Sjølv om han de facto var monark av Polen, klarte han ikkje å krone seg sjølv til konge, både på grunn av indre og ytre vanskelegheiter (stormennene ønskte ikkje kroning og Det tysk-romerske riket protesterte).

Etter at Bezprym i 1031 hadde teke makta frå Mieszko II, reiste Rycheza og Kasimir frå Polen til Sachsen. I 1034, etter faren Mieszko II døydde, prøvde Kazimir å ta over makta, men eit opprør hos magnatane førte til at han vart forvist frå landet, og var så i Ungarn, før han drog til Tyskland.

Etter Mieszko II døydde vart situasjonen i Polen spent. Det kom til et folkeopprør mot magnatane og kyrkja, og ei gjenoppliving av heidenskapen. Masovia erklærte seg sjølvstendig under landeherren Miecław (eller Masław), og Pommern vart overteke av eit lokalt dynasti.

Situasjonen i det kongelause riket vart utnytta av tsjekkarane, og den tsjekkiske hertug Břetislav I invaderte det polske territoriet i 1038 eller 1039, og etterlet landet – hovudsakleg Stor-Polen – i ruinar, der mellom anna Gniezno vart lagt i grus, og St. Adalbert relikviar vart plyndra. Samstundes erobra tsjekkarane Schlesien og Vesle-Polen.

Kasimir kom tilbake til Polen i 1039, med støtte frå den tyske keisaren (som var uroa over den auka makta til Břetislav og situasjonen på dei polske områda) og den russiske hertugen Jaroslav I. Kasimir inntok Stor-Polen og Vesle-Polen med Kraków, som han gjorde til den nye hovudstaden i riket (Gniezno og Poznań var altfor øydelagde). Han fann støtte hos magnatane, som var utslitte etter folkeoppstanden og den tsjekkiske invasjonen.

Etter at Kazimir klarte å styrke makta si og gjenoppbygge kyrkjeorganisasjonen, gjekk han inn for å gjenvinne områda Polen hadde tapt. I 1040 eller 1041 allierte han seg med Jaroslav I, og denne alliansen vart styrkt etter at Kasimir gifta seg med søstera til Jaroslavs, Maria Dobroniega. I 1047 klarte han så med hjelp frå Jaroslav å sigre over Miecław og slik gjenvinne og gjeninnlemme Masovia (og Pommern) i det polske riket. I og med at han ikkje kom til semje med Břetislav om gjeninnlemminga av Schlesien, erobra han området i 1050 – denne gongen på eiga hand. Derimot stod den tyske keisaren på Tsjekkia si side, og i 1054 i Quedlinburg avgjorde han striden ved å la Kazimir få halde på Schlesien, men samstundes måtte Polen betale ein årleg tributt.

Kasimir I klarte å gjenoppbygge riket som hadde vorte svekka etter Mieszko II døydde. Trass i at han ikkje vann tilbake krona og måtte betale tributt, klarte han å styrke landet innvendig – han gjenoppbygde kyrkjeadministrasjonen, reformerte monetærpolitikken og folkesette dei herja områda. Han etterlét eit rike som var styrkt og langt større etter Mieszko II døydde i 1034, skjønt det hadde enno ikkje vunne tilbake den same maktposisjonen som det hadde hatt under Bolesław I.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]