Kasjmiri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kasjmirsk)
Kasjmiri
كٲشُر, कॉशुर, 𑆑𑆳𑆯𑆶𑆫𑇀- kạ̄šur, košur

Kosjur skrive med perso-arabisk skrift, sharadaskrift og devanagari

Klassifisering Indoeuropeisk
 Indoiransk
  Indoarisk
   Dardisk
    Kasjmiri
Bruk
Tala i  India
 Pakistan
Kasjmiritalande i alt ca.

6,9 millionar[1]

Skriftsystem Det persiske alfabetet og devanagari
Språkkodar
ISO 639-1 ks
ISO 639-2 kas
ISO 639-3 kas
Wikipedia på kasjmiri

Kasjmiri er eit språk som blir tala i Kashmir i India og Pakistan av kring 6,9 millionar menneske.

Det høyrer til dei dardiske språka, men ordtilfanget har hatt sterk påverknad frå persisk. Dialektane tala av hinduar har også teke inn ord frå sanskrit.

Kasjmiri er eit SVO-språk med grunnleggjande ordstilling subjekt-verbal-objekt, og har i tillegg V2-ordstilling som mellom anna også finst på norsk.[2]

Dei eldste litterære tekstane på kasjmiri er frå 1300-talet.[3] Kjende diktarar på språketer Lalla eller Lal Ded, ein shivaittisk mystikar som skreiv vakh (tolinja vers) om religiøse erfaringar, Habba Khatun frå 1500-talet, Arnimal frå 1700-talet og Mahmud Gami (ca. 1765–1855).[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ethnologue-tal frå 2011
  2. «Norsk som andrespråk». Norsk nå!. Henta 28. august 2019. 
  3. 3,0 3,1 Kristiansen, Knut (13. mars 2019). «kasjmiri». Store norske leksikon (på norsk). 

«kashmiri» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.