Kasjutre
| Kasjutre | |
Kasjutre | |
| Status | |
| Status i verda: | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Sapindales |
| Familie: | Anacardiaceae |
| Slekt: | Anacardium |
| Art: | Kasjutre A. occidentale |
| Vitskapleg namn | |
| Anacardium occidentale | |
Kasjutre (engelsk cashew, vitskapleg namn Anacardium occidentale eller Anacardium curatellifolium) er eit 10–12 meter høgt tropisk treslag med etande, ovale eller pæreforma «falske» frukter (hjelpefrukter) som blir kalla kasju-epler. Kasju-eple har mykt og skjørt skal og eignar seg derfor ikkje som transportprodukt.
Kasju er mest kjent i Noreg på grunn av dei etande ca. 2,5 cm lange, nyreforma, frøa som blir kalla kasjunøtter eller cashew-nøtter. Kvart kasjueple har berre éi kasjunøtt som ikkje ligg inne i fruktkjøttet, men finst i den mørke utveksten på undersida av hjelpefrukta. «Nøttene» blir brukte både som snacks og som ingrediens i matretter, anten heile eller oppmolne.
Kasjutreet kjem opphavleg frå Brasil, men i tida 1560–1565 blei treet frakta av portugisarane til den dåverande kolonien deira i Goa i India for dyrking. I dag blir det dyrka kasju i store delar av India, Asia og fleire land i Afrika.
I delstaten Rio Grande do Norte i den nordaustre delen av Brasil står det største kasjutreet i verda.
Bilete
[endre | endre wikiteksten]- Blomar
- Mogne kasju-eple frå Kollam i India
- Salte kasjunøtter
- Oversikt over kvar i verda det blir dyrka mest kasju.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kasjutre» frå Wikipedia på bokmål, den 16. september 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Kasjutre i Catalogue of Life
- (en) Kasjutre i Encyclopedia of Life
- (en) Kasjutre i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Kasjutre hos Dyntaxa
- (en) Kasjutre hos ITIS
- (en) Kasjutre hos NCBI
- (en) Kasjutre hos Plants of the World Online
- (en) Kasjutre hos The International Plant Names Index
- (en) Kasjutre hos Tropicos
- (en) Kategori:Anacardium occidentale – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Anacardium occidentale – detaljert informasjon på Wikispecies