Kaskadeand
Kaskadeand | |
![]() Kaskadeand Foto: Andrew McMillan
| |
Status | |
Status i verda: ![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Hymenolaimus |
Art: | Kaskadeand H. malacorhynchos |
Vitskapleg namn | |
Hymenolaimus malacorhynchos |
Kaskadeand (Hymenolaimus malacorhynchos), og kjent som blåand,[1] er ei mellomstor and og einaste arten i Hymenolaimus-slekta. Ho er endemisk til New Zealand og sjeldan, ho lever i små fragmenterte, spreidde habitat på Nordøya og Sørøya.
Kaskadeender er blågråe i fjørdrakta med lyseraudt nebb. Nebbet har små, svarte klaffar på spissen. Vaksne fuglar har raude flekkar på brystet. Kroppslengda er ca. 53 centimeter og hannfuglar veg ca. 900 gram, hoer ca. 750 gram.
Føretrekte habitat er straumfulle elvar. Dei vil halde på same territorium i elva over fleire år. Føda er akvatiske, virvellause dyr, for det meste larver.
Reiret ligg i ein hol trestamme eller i tett vegetasjon nær elva. Egglegging skjer ofte frå slutten av oktober til desember. Kullet er typisk på 6 egg som hoa rugar i ca. 30-35 dagar. Ungane er lyst, dunkledde ved klekking og straks i stand til å symje og å dukke. Dei er flygedyktige etter ca. 10 veker.
Populasjonen er estimert til 2 000 til 3 000 individ (2010) og er minkande.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «kaskadeand» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ BirdLife International (2012) Species factsheet: Hymenolaimus malacorhynchos. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. juli 2012
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

- Videoar, bilete og lydopptak av kaskadeender hos Internet Bird Collection