Spermkval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kaskelott)
Spermkval

Status i verda: VU Sårbar

 Spermkval 
Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underrekkje: Virveldyr
Klasse: Pattedyr
Orden: Kvalar
Underorden: Tannkvalar
Familie: Spermkvalfamilien
Slekt: Physeter
Art: P. catodon
Vitskapleg namn
Physeter catodon

Spermkval eller trollkval, Physeter catodon eller Physeter macrocephalus, er ein tannkval i spermkvalfamilien. Han blir opp til 18 meter lang. Spermkvalen finst i så godt som alle verdshava, frå Ekvator til Arktis og Antarktis, helst i ope hav eller ved kontinentalsokkelen. Han var utsett for industriell kvalfangst på 1900-talet, men det vart òg driven omfattande fangst allereie før granatharpunen si tid, tilbake til 1712. Rundt 1950 nådde fangsten høgda, då det vart fanga opp til 25 000 dyr i året. Den kommersielle fangsten tok slutt i 1988. Etter dette har det blitt drive fangst i liten skala frå opne båtar i Indonesia. Den globale bestanden er høgst usikker, men iallfall over 100 000 individ.[1] Spermkval kjem innom norske farvatn på næringsvandringar om sommaren.[2]

Utbreiingsområdet til spermkvalen

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  2. Artsdatabanken.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Spermkval