Kasper Fosser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kasper Fosser


Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. april 1999 (24 år)
Idrett orientering

Kasper Harlem Fosser (fødd 21. april 1999) er ein orienteringsløpar frå Oslo. Perioden 2019-22 vann han 2 gullmedaljar, 4 sølvmedaljar og ein bronsemedalje i verdsmeisterskapane. Han triumferte i verdscupen i orientering i 2021 og 2022.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Åra 2017, 2018 og 2019 vann Fosser høvesvis 1, 2 og 3 gullmedaljar i junior-VM. I sitt siste år som junior sprang han inn til sølvmedalje på klassisk-distansen ved Verdsmeisterskapen i orientering 2019 i Østfold, slått av landsmannen Olav Lundanes med halvtanna minutt. Under verdsmeisterskapen 2021 ved Doksy i Tsjekkia vart Fosser verdsmeister på klassisk-distansen, framom Matthias Kyburz og Magne Dæhli. I den same meisterskapen lukkast Fosser vinne sølvmedaljar på kortdistansen, i stafetten for menn og i mixstafetten. Året etter vann han gullmedaljen på kortdistansen ved VM i Danmark, heile 16 sekund føre sølvmedaljøren. På den avsluttande mixstafetten i VM tok han seg av tredjeetappen for eit norsk lag som enda på bronseplassen.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2019: Sølvmedalje på klassiskdistansen
  • VM 2021: Gullmedalje på klassiskdistansen, og tre sølvmedaljar
  • VM 2022: Gull på kortdistansen, bronse i mixstafett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]