Kesab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kassab)
Kesab
كسب, Քեսապ
by
Land  Syria
Guvernement Latakia guvernement
Distrikt Latakia-distriktet
Nahiyah Kesab
Høgd 800 moh.
Koordinatar 35°55′N 35°59′E / 35.917°N 35.983°E / 35.917; 35.983
Folketal 1 754  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Kesab
35°55′00″N 35°59′00″E / 35.916666666667°N 35.983333333333°E / 35.916666666667; 35.983333333333
Wikimedia Commons: Kesab

Kesab, Kessab eller Kasab (arabisk كسب, armensk Քեսապ, Kesab) er ein armensk-busett by nordvest i Syria i Latakia guvernement, 59 kilometer nord for Latakia. Han ligg nær grensa til Tyrkia i fjellsida til Aqraa (tyder «den hårlause» eller «skalla») 800 meter over havet.[2] I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Kesab eit folketal på 1 754 i 2004.[1]

Med det tørre klimaet og omgjeve av grøne skogar og djupe dalar, er Kesab ein populær feriestad for mange innbyggjarar i Aleppo og Latakia.[2]

Baghjaghaz-passet og høgda Chalma.

Byen ligg 59 kilometer nord for Latakia, berre tre kilometer frå den tyrkisk grensa og ni kilometer frå Middelhavet. Byen ligg 800 meter over havet i midten av ein tett barskog, og er ein populær feriestad om sommaren.

Kesab er en gammal armensk by som er datert attende til Det armenske kongedømet Kilikia. Innbyggjarane er i dag hovudsakleg armenarar[3] med ein minoritet av arabiske alawittar. Byen er omgjeven av små landsbyar og gardar, som òg stort sett er folkesett av armenarar: Duzaghaj, Esguran, Sev Aghpyur, Kinar, Chakhaljekh, Keorkeuna, Ekizolukh, Baghjaghaz, Karadouran, Karadash og den fråflytta landsbyen Bashurd.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004 Arkivert 2013-01-12 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 Guide Arabe Pour Le Commerce, L'industrie & Les Professions Libérales Dans Les Pays Arabes. (1972). Page 12.
  3. Mannheim, Ivan (2001). Syria and Libanon Handbook: The Travel Guide. Footprint Travel Guides. s. 299. ISBN 1-900949-90-3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kesab