Kastanjevenghokko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kastanjevenghokko
Kastanjevenghokko Foto: Wikimedia-brukar Strongilocentrotus
Kastanjevenghokko
Foto: Wikimedia-brukar Strongilocentrotus
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kastanjevenghokko
Utbreiinga av Kastanjevenghokko
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Familie: Hokkoar Cracidae
Underfamilie: Penelopinae
Slekt: Ortalis
Art: Kastanjevenghokko O. garrula
Vitskapleg namn
Ortalis garrula

Kastanjevenghokko (Ortalis garrula) er ein fugl i hokkofamilien, og er endemisk for Colombia med utbreiing i nordlege Antioquia-departementet nordover til sørlege Magdalena.

Dette er ein mellomstor hokko, ca. 53 cm i lengd. Vekta ligg rundt 630 til 750 gram. Kjønna er like, men hannar er truleg større enn hoer. Vaksne fuglar har brun overside, brunt strupeområde og bryst, elles lys underside, halen er mørk med ein lys tupp. Morfologi og kroppsform er elles som hos andre slekta, dei har relativt lang hals og ein lang hale, kraftig, litt nedbøygd nebb og kraftige føter. Ungfuglar er ikkje skildra.

Kastanjevenghokkoar beitar i flokkar og er truleg standfuglar.

Lite er kjent om hekkevanar, men dei legg vanlegvis tre egg i kullet. Hofuglen rugar egga i 26 dagar.

Storleiken på populasjonen er ikkje kjent, men han er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som livskraftig fordi han er utbreidd i eit 110 000 km2 stort område i nordlege Colombia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kastanjevenghokko