Kaste på stikka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kaste på stikka er eit pengespel som var vanleg vårsyssel blant norske gutar i etterkrigstida, fram til dei store femøringane gjekk ut av sirkulasjon i første halvdelen av 1970-åra eller til dei mindre femøringane gjekk ut først i 1980-åra.

Ein kunne spela etter ulike reglar. Ein kunne kaste myntane mot ei stikke, mot ein strek, mot ein sirkel eller mot ein vegg.

Spelet var delt i to fasar: kastinga og ristinga.

Kastinga[endre | endre wikiteksten]

Den som først sa «sjakk», kasta sist, dei som først sa «nestsjakk» og «tredj-sjakk» kasta nest sist og tredje sist, og så vidare.

Det vart oftast kasta med femøringar. Kom ein lengst frå streken eller stikka etter første kastet, hadde ein rett til å kaste på nytt med same femøringen. Dersom ein framleis var sist, vart femøringen tatt ut og lagd i potten. Skulle ein da vera med lenger, måtte ein lappe, det er å kaste nye femøringar. Ein lappa inntil ein låg betre til enn ein av dei spelarane. Såg det ut til at to femøringar låg like langt frå stikka, måtte det måling til. Det blei gjerne gjort med eit strå. Var ein ikkje kar for å lappe, gjekk ein ut av spelet førebels. Resten av spelarane heldt fram inntil éin stod att som bestemann.[1]

Ristinga[endre | endre wikiteksten]

Ved ristinga spelte ein om kven som skulle få mynten som låg i potten. Først rista ein opp sølvet, det vil seie den blanke mynten. Den som var bestemann etter kastinga, rista først. Han ropte «kron» eller «mynt» – sa han «kron», fekk han all mynt som hamna med adversen opp. Sa han «mynt» eller «pytt», fekk han all mynten som låg med reversen opp. Deretter kasta dei som låg tettast opp mot vinnaren - ander, tredjer, fjerder osv, heilt til kassa var fordelt. Etterpå kasta ein om koparmynten, på same måten. Var det to myntar att, kunne ein seie halvten - da gjaldt det at den eine mynten viste kron, og den andre viste mynt når dei låg på bakken etter å ha blitt slått imot kvarandre.[2]

Vårsyssel og guteleik[endre | endre wikiteksten]

Å kaste på stikka var ein utprega vårsyssel. Ein spelte på grusvegane frå dei vart isfrie. Oftast var det berre gutar som spelte.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Språknytt
  2. Eiker - Kaste på stikka - danke, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 18. november 2010 
  3. Stovnerporten - Kaste på stikka