Kastelle kloster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kastelle kloster var eit augustinarkloster i Konghelle i Bohuslän frå slutten av 1100-talet inntil det vart avvikla i 1529. Mens klosteret var i drift var dette ein del av Noreg, mens området no er ein del av Västra Götalands län i Sverige. Klosteret står i dag som ein ruin.

Det var både kyrkje og kloster på staden. Kyrkja, som var vigd til St. Augustin, er truleg litt eldre enn klosteret, slik at klosteret har vorte bygd i tilknyting til kyrkja. Klosteret var stifta av erkebiskop Eystein og bygd midt på 1200-talet. Klosteret låg under Nidaros erkebispedømme, men hadde òg eit tilhøve til Ebelholt klosterSjælland.

Kong Frederik I konfiskerte klosteret og forlente det til Jørgen Steenssøn mot ei årleg avgift på ei mark smør og tre våpenføre menn i 1529. Dette var kort tid før reformasjonen, og mange kloster vart sekulariserte.

Ruinane av klosteret vart arkeologisk undersøkt i 1891 og i 1942. Kyrkja og ein av klosterfløyene er lokaliserte, og murane er i dag synlege i bakkenivå. Restane av muren tyder på at kyrkja har lege mot nord i anlegget, og at det ut frå den sørlege langveggen har gått ei austfløy. Resultata av utgravinga gjev ikkje grunnlag for nokon sikker kunnskap om korleis klosteranlegget såg ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]