Kastellet i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kastellet haldeplass.

Kastellet er namnet på eit område i Bydel Nordstrand i Oslo. Området har namnet sitt etter Kastellet gard, opphavleg husmannsplass under Nordseter gard. Plassen vart seld som eigen gard i 1784 . Bygningane låg like sør for dagens Kastellet haldeplass på Ekebergbanen. Eigedomen strekte seg frå Bråten i sør til Sørli i nord, og frå Kongevegen (no Ekebergveien) i aust til sjøen i vest.[1]

På Kastellet er Kastellet brannstasjon.

Kastellet låg lenge i grenselandet mellom skulekretsane og dei tidlegare bydelane Bekkelaget og Nordstrand. I 2004 stod nye Kastellet skule ferdig, og omtrent samstundes vart bydelane slegne saman, slik at både Bekkelaget, Kastellet og Nordstrand no er skulekretsar i Bydel Nordstrand.[2]

Kastellet er òg ein av grunnkretsane i Oslo, men grunnkretsen omfattar berre eit mindre område mellom Ekebergveien og Solveien. Altså er denne skulekretsen mykje mindre enn skulekretsen med det same namnet.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bekkelagshøgda Lokalhistoriske forening om Nordseter og Kastellet
  2. Utdanningsetatens nettside om Kastellet skole
  3. «Geografiske inndelinger». Oslo kommune. Henta 11. mai 2015.