Katanga-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Katanga er ein tidlegare provins i Den demokratiske republikken Kongo, og heitte mellom 1971 og 1997 Shaba-provinsen.[1] Provinshovudstaden var Lubumbashi, tidlegare kjent som Elizabethville på fransk og Elisabethstad på flamsk. Arealet var omkring 496 877 km², og folkesetnaden var i 2005 kring 8,7 millionar.[2] I 2015 blei Katanga delt opp i provinsane Tanganyika, Haut-Lomami, Lualaba og Haut-Katanga.

Den austlege delen av provinsen er rik på naturressursar som kobolt, kopar, tinn, radium, uran og diamantar, og det er omfattande gruvedrift der. Elles på Katangaplatået er det for det til meste jordbruks- og kvegdriftsland.

Dei innbringende gruvene utløyste etter at Kongo vart sjølvstendig i 1960 eit forsøk på å lausriva Katanga. Dette utløyste omfattande krigføring, som varte fram til separatistregjeringa si fall i 1963. SN sette under konflikten inn fredsbevarande styrkar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Katanga | province, Democratic Republic of the Congo». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 2018-02-26. 
  2. Citypopulation.de: Congo (Dem. Rep.)