Katarina Bulatović

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katarina Bulatović


Statsborgarskap Montenegro
Fødd 15. november 1984 (39 år)
Kragujevac
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2012

Katarina Bulatović (fødd 15. november 1984) er ein serbisk-montenegrinsk tidlegare handballspelar frå Kragujevac som vart europameister med Montenegro sitt landslag i 2012, få månader etter ho og laget vann OL-sølv. Ho er firfaldig vinnar av EHF-meisterligaen. Bulatović var høgre rykkromspelar, kjend for sine tunge skot.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Bulatović representerte Serbia i internasjonale kampar åra 2006-08. I 2011 valde ho å knyte seg til Montenegro og deltok fram til 2020 i 94 landskampar for landet, skåra 473 mål. I så vel Sommar-OL 2012 i London som Handball-EM-2012 vart ho toppskårar i turneringa. Ho skåra 10 av Montenegro sine 23 mål i den tapte finalen mot Noreg. Fire månader seinare fekk ho revansj då Montenegro, etter ekstraomgangar, slo Noreg i EM-finalen i Beograd.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha vore aktiv i to serbiske klubblag, fekk Bulatović i 2006 kontrakt med danske Slagelse FH. Året etter var ho med om å vinne meisterligaen. Då klubben kom i økonomiske vanskar, forlet Bulatović og mange andre aktive laget i 2008. Sidan gjorde ho teneste i montenegrinske ŽRK Budućnost i tre periodar: 2008-12, 2014-17 og 2018/19. Med klubben frå Podgorica vann ho meisterligaen i 2012 og 2015. I mellomtida bidrog ho til at Győri ETO gjekk til topps i meisterligaen 2014. På 2010-talet gjorde ho elles teneste i Râmnicu Vâlcea og i Rostov. Ho la opp i 2020, etter ein siste sesong i Győri ETO.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]