Katarina Howard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Katarina Howard
HowardCatherine02.jpeg
FøddKatherine Howard
ca. 1523
Lambeth
Død13. februar 1542
Tower of London
Hus eller slektHoward family
GravstadSt Peter ad Vincula
LandKongeriket England
MorJoyce Culpeper
FarLord Edmund Howard
EktefelleHenrik VIII av England

Katarina Howard (1. januar 152313. februar 1542), på engelsk òg kalla Catherine Howard,[a] var den femte kona til kong Henrik VIII av England. Dei var gifte med kvarandre i tidsrommet 1540–1542. Katarina er òg kjend ved det tilnamnet kongen gav henne, som «rosa utan tornar». Ho var fødd i Norfolk House, ein stad 6 km unna London. Katarina var dotter av lord Edmund Howard, ein fattig yngre son av Thomas Howard, 2. hertug av Norfolk, og såleis bror av den mektige Thomas Howard, 3. hertug av Norfolk. Katarina vart gift med Henrik VIII den 28. juli 1540 ved Oatlands Palace i Surrey, nesten straks etter at ekteskapet hans med Anna av Kleve hadde vorte erklært ugyldig. Likevel viste det seg at den seksuelle fortida til Katarina og det ekteskapelege livet hennar ikkje var så kyskt og tru. Ho vart halshoggen etter mindre enn to års ekteskap med grunngivinga høgforræderi.

Ry og fall[endre | endre wikiteksten]

Første år[endre | endre wikiteksten]

Katarina Howard var det tiande barnet til lord Edmund Howard og Joyce (Jocasta) Culpepper. Dei eldre søskena hennar (ikkje i kronologisk rekkjefølgje) var Ralph, George, Henry, Charles, Mary, Thomas, Isabel, Joyce og Margaret.

Det er ikkje kjend kva tid ho vart fødd, men ein har rekna det til å ha vore ein gong mellom 1520 og 1525. Sannsynlegvis var ho fødd i 1521. Ho var niese av Thomas Howard, 3. hertug av Norfolk, og kusinene hennar var den andre kona til Henrik VIII, dronning Anne Boleyn, og systera hennar Mary Boleyn. Sistnemnde hadde òg vore ei elskarinne av Henrik VIII.

Familien til Katarina hadde derfor ei aristokratisk stamtavle. Men faren var av dei yngste sønene av foreldra sine, hadde dårleg økonomi, og måtte ofte tigga om almisser frå dei meir velståande slektningane sine. Niesa hans Anne Boleyn skaffa han ei stilling i styringsverket til kongen i Calais i 1531. På dette tidspunktet vart den unge Katarina send avstad for å leva med den eldre slektningen sin Agnes Tilney, enkjehertuginne av Norfolk.

Hertuginna dreiv eit stort hushald i Lambeth Palace, og ho hadde mange tenarar og tenarinner som var med på å ta hand om mange barn av slektningane hennar. Oppassinga av barna var lausleg og tilfeldig sidan hertuginna ofte var ved hoffet og viste lita interesse for oppsedinga og utdanninga til barna.

Katarina vart dermed den av konene til Henrik VIII som var svakast utdanna. Men ho kunne lesa og skriva, i motsetning til mange av dei engelske medsøstrene sine på denne tida. Ho blir ofte beskriven som lystig og livleg, men aldri som lærd eller from. Den lause oppsedinga i det utsvevande miljøet rundt huset til hertuginna førte henne inn i eit romantisk forhold til musikklæraren sin, Henry Mannox, i 1536 då ho var mellom 11 og 13 år gammal. Då ho seinare vart dronning, vart Mannox utpeika som musikar i hushaldet hennar. Han vitna seinare i rettssaka mot henne.

Mannox og Katarina innrømde begge i løpet av rettssaka at dei hadde hadde hatt fysisk kontakt tilsvarande seksuelt forspel. «Ved Mannox' smiger og hans vakre overtalelser lét eg meg som ungjente ved ulike høve røra på hemmelege stader av kroppen min...» sa ho og la til: «Og eg innrømmer òg at eg vart gledd av forholdet hans til meg, sjølv om eg aldri vil gå med på at eg elska han, for no elskar eg Henrik».

Denne affæren vart avslutta på slutten av 1538. Då vart Katarina interessert i ein sekretær i hushaldet til hertuginna, Francis Dereham, og vart elskarinna hans. Dei kalla kvarandre for «ektemann» og «kone». Dereham gav henne òg ekteskapelege oppgåver som å ta seg av pengane hans når han var ute på forretningar. Mange av romkameratane til Katarina kjende til forholdet, men det vart tilsynelatande avslutta i 1539 då hertuginna fekk vita om det. Trass i dette kan Katarina og Dereham ha komme saman med den hensikta å bli gifte når han kom tilbake frå Irland – ei form for bindande truloving. Om det var tilfelle at dei hadde utveksla ekteskapelege løfte, var dei å rekna som gifte i auga til kyrkja, uavhengig om dette hadde vorte stadfesta seksuelt.

Ved hoffet til kongen[endre | endre wikiteksten]

Onkelen til Katarina Thomas Howard klarte å sikra henne ei stilling ved hoffet til Henrik VIII. Ho var ung og attraktiv, og var «lady-of-honor» for den nye tyske kona til Henrik, Anna av Kleve. Slik vart ho snart gjenstand for merksemda til kongen; han hadde vist lita interesse for dronninga. Slektningane til Katarina tvilte iblant på om ho var moden nok til å kunna handtera det å vera elskarinna til kongen, sidan ho berre hadde vore ved hoffet i nokre få månader. Men det var andre faktorar som også gjorde seg gjeldande.

Avrettinga av Anne Boleyn, på grunn av påstått utruskap og incest, hadde sett den framgangsrike Howard-familien koma tilbake til hoffet og krinsen nærast kongen. Det har òg vorte påstått at som katolsk familie, der Thomas Howard, 3. hertug av Norfolk, vart sett på som ein av leiarane for den katolske og politiske fløya, rekna familien Katarina som ein gallionsfigur for ambisjonane sine om å gjenreisa katolisismen i England. Etter kvart som interessa til kongen for den unge slektningen deira voks, voks òg innverknaden deira.

I løpet av nokre få månader ved hoffet neddynga Henrik den unge Katarina med dyrebare klede, gåver og eigedommar. Då kongen fekk ekteskapet sitt med Anna erklært ugyldig i juni 1540, byrja rykta å gå om at Katarina skulle vera gravid med sonen hans. Det vart gjennomført ein hastig bryllaupsseremoni ein månad seinare, den 28. juli 1540, noko som uttrykkjer Henriks livslange sterke ønske om å sikra Tudor-slekta ein arvtakar, ein frisk, ektefødd kongsson.

Ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Kong Henrik VIII, som nærma seg 50 år og hadde auka sterkt i fysisk omfang, overauste den unge bruda si med smykke og fantastisk kostbare gåver. Krigen mot Frankrike og reformasjonen i England hadde kosta han godvilje blant folket, og han byrja å li av ei rekkje små sjukdommar. Nærværet av den unge og tilsynelatande dydige Katarina i livet hans gjorde han svært lykkeleg. Mottoet hennar, «Non autre volonte que la sienne» eller «Inkje anna ønske enn hans», reflekterte ønsket hennar om vilje å gjera Henrik, ein mann tretti år eldre enn henne, tilfreds.

Likevel, trass i rikdommen og makta hennar fann ho ekteskapet lite tiltalande. Ho var ikkje gravid då ho vart gift og vart fråstøytt av kroppen til ektemannen – han må ha vege rundt 135 kg på denne tida, og han hadde verkebyllar på maven som måtte bli tømt for væske kvar dag. Tidleg i 1541 innleidde ho eit halvhjarta forhold med Henriks favoritthoffmann, Thomas Culpeper, som ho opphavleg hadde kasta auga sine på då ho kom til hoffet to år tidlegare. Møta deira vart arrangerte av ein av Katarinas eldre hoffdamer, Jane Boleyn, vicomtesse Rochford (ca. 1505 – 1542), enkje etter George Boleyn, vicomte av Rochford, bror av Mary Boleyn og Anne Boleyn. Det er uklart om Katarina og Culpepper innleidd eit fysisk forhold, men lengda og intensiteten av forholdet deira kunne peika i den retninga.

Henrik VIII og Katarina reiste rundt i England saman på sommaren 1541, og førebuingane for kvart einaste teikn på graviditet (noko som ville bety kroning) vart gjord, noko som indikerte at ekteparet var seksuelt aktive med kvarandre. Etter kvart som Katarinas utenomekteskapelige forhold utvikla seg, byrja folk som var vitne til indiskresjonane hennar ved Lambeth Palace å kontakta henne for utnytta kunnskapen sin. For å kjøpa tausheita deira vart mange av desse gitt stillingar ved hushaldet hennar. Det mest katastrofale var at ho utpeika Henry Mannox som musikaren sin og Francis Dereham som sekretær.

Undergang[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1541 var kongeferda nord i England avslutta. Men Katarinas indiskresjonar hadde vorte alment kjent takka vera John Lascelles, ein protestantisk reformator viss søster Mary Hall var stovejente hos enkjehertuginna av Norfolk og slik hadde vorte klar over Katarinas ungdomsforhold. Alarmert av konservative katolikkar aukande innpass i dei høgare sirklane la Lascelles fram dei farlege opplysningane sine om dronninga for Thomas Cranmer, den dåverande erkebiskopen av Canterbury og ein av dei næraste rådgivarane til kongen.

Cranmer meinte at viss Katarina hadde hatt eit fysisk forhold med Dereham før ho vart dronning, ville det gjera ekteskapet med kongen ugyldig og han overrekte kongen eit brev med skuldingar mot Katarina den 2. november 1541 medan dei var til stades ved Allehelgensmessen. Kong Henrik nekta først å tru på skuldingane og meinte at brevet var ei forfalsking, og beordra Cranmer å undersøkja saka nærare. I løpet av eit par dagar vart det frembragt avgjerande bevis, mellom anna tilståingar underteikna av Dereham og Culpepper etter at dei hadde vorte torturerte i Tower of London, forutan eit kjærleiksbrev openbert skrive med Katarinas handskrift til Culpepper.

Katarina vart arrestert den 12. november. Det blir hevda at ho klarte å unnslippe frå vaktarane sine ei kort stund for å springa til kyrkja der Henrik deltok i messa. Ho banka på kyrkjedørene og skreik namnet til kongen. Til slutt vart ho arrestert av vaktene og sendt til rommet sitt i Hampton Court der ho vart låst inne, berre saman med hoffdama si Jane Boleyn. Ønsket hennar om å få møta kongen vart avvist og Cranmer avhøyrde henne. Sjølv den trauste Cranmer fann Katarinas fortvila, usammenhengende tilstand ynkeleg og sa «Eg fann henne i ei slik sorg og tungsinn som eg aldri tidlegare har opplevd av eit menneske slik at alle menn ville ha synst synd på henne». Han gav ordre til vaktene om å fjerna alle gjenstandar som kunne tenkjast å kunna bli brukt til å gjera sjølvmord.

Medan ekteskapskontrakten til ei førehand mellom Katarina og Dereham ville ha hatt den effekten å avslutta dei kongelege ekteskapa hennar, ville han òg ha tillate kongen raskt å annullera ekteskapet og forvisa henne frå hoffet. Katarina ville då ha vorte vanæra, vorte fattig og sendt i eksil, men ville ha sleppt den grimme lagnaden til Anne Boleyn. Likevel heldt ho sjølv standhaftig fast på at ein slik kontrakt aldri hadde eksistert og uttalte at Dereham hadde tvinga seg på henne.

Fengsling og død[endre | endre wikiteksten]

Staden i tårnet der stillaset stod, der Katarina Howard vart halshoggen.

Katarina vart ribba for sin tittel som dronning den 22. novemberen og sett i fengsel i Syon House i Middlesex i løpet av vinteren 1541. Thomas Culpepper og Francis Dereham vart avretta ved Tyburn den 10. desember 1541, den første halshoggen og den siste hengd, trekt og kvartert, den tradisjonelle straffa for forræderi. Av sedvane vart hovuda deira plasserte på toppen av London Bridge.[1] Fleire av slektningane til Katarina vart òg fengsla i Tower of London, men ikkje onkelen hennar, den mektige Thomas Howard, 3. hertug av Norfolk, som hadde klart å skaffa seg nok avstand til skandalen. Alle dei fengsla frå Howard-familien vart stilte for retten og funne skuldige i såkalla skjult forræderi og dømt til fengsel på livstid og inndraging av eigedommane sine. Med tida vart dei likevel lauslatne og eigedommane deira gitt tilbake.

Katarina vart verande i forvaring fram til parlamentet utskreiv eit vedtak den 21. januar 1542 som gjorde det mogleg å straffa hensikta å begå forræderi med døden. Dette løyste problemet med Katarinas antekne førehandskontrakt og gjorde henne utvitydig skuldig sidan ekteskapsbrotet eller horet til ei dronning var å vurdera som høgforræderi. Ho vart frakta til Tower of London den 10. februar 1542, og dagen etter signerte kong Henrik det overståande parlamentsvedtaket og avrettinga av Katarina vart sett for klokka 7 den 13. februar.

Natta før avrettinga brukte Katarina mange timar på å øva på korleis hovudet hennar skulle kvila på blokka. Ho døydde relativt fatta, men såg bleik og forskremt ut, rimeleg nok, og bad om hjelp for å stiga opp skafottet. Ho talte om «den fortente og rettferdige straffa» og bad om nåde for familien sin og om bønn for sjela si. Dei siste orda hennar var «Eg døyr som ei dronning, men eg vil heller ha døydd som kona til Culpepper».[2]

Ho vart raskt halshogne med eit hogg, og kroppen hennar vart gravlagd i ei umerka grav i kapellet St Peter ad Vincula nær der kusina hennar Anne Boleyn låg. Kong Henrik VIII var ikkje til stades ved avrettinga. Liket hennar vart seinare identifisert i løpet av restaureringa av kapellet under dronning Victoria og ho er minna på ein plakett på vestveggen som er dedikert til dei som døydde på Tower Green.

Kong Frans I av Frankrike skreiv eit brev til Henrik der han spurde om Katarinas død, og beklaga «den lidderlige og klanderverdige åtferda til dronninga» og gav han råd om at «lettheita til kvinner ikkje kan bøya æra til ein mann».

Katarina Howard i biletkunst[endre | endre wikiteksten]

Målarar heldt fram med å inkludera Jane Seymour i bilete med kong Henrik VIII i fleire år etter at ho var død, kongen såg tilbake på henne med glede sidan ho var den hustrua som gav han ein son. Dei fleste av desse bileta var kopiar av eit portrett måla av Hans Holbein den yngre sidan det var det einaste måleriet i full storleik som var tilgjengeleg. Etter at Katarina Howard vart avretta, vart likevel alle portretta hennar fjerna, sjølv Howard-familien fjerna biletet hennar frå familieportretta sine. Henrik tilgav henne aldri truløysa hennar og ingen våga å måla portrett av henne etter at ho var død.

I fleire århundre vart eit måleri av Hans Holbein meint å vera det einaste eksisterande portrett av ho – bilete NPG 1119 ved Det nasjonale portrettgalleriet i London, med tittelen «Ukjend kvinne, tidlegare kjend som Catherine Howard». Nokre historikarar tvilar i dag på at kvinna avbilda verkeleg er Katarina. I den seinare tida har historikaren Antonia Fraser overtydande argumentert for at dette portrettet er eit av Jane Seymours syster Elizabeth Seymour. Denne kvinna har ein bemerkelsesverdig likskap med Jane, spesielt rundt kinna, og ho ber kleda til ei enke, noko Katarina ikkje hadde nokon grunn til, men som Elizabeth hadde. I tillegg vert alderen på kvinna i biletet gjeve å vera 21 år, men Katarina nådde aldri denne alderen. Sjølv om ein aksepterer den tidlegaste moglege datoen for hennes fødsel, 1520, ville ikkje Katarina vorte 21 år før på slutten av 1541 eller 1542 der ho då var anten fengsla eller død.

Det er eit anna portrett som har vorte tileigna Katarina, ein akvarell i miniatyr som har vorte datert (i samsvar med kleda hennar og korleis miniatyren vart måla) til den korte perioden då ho var dronning. I dette biletet ber ho smykke som er oppsiktsvekkande like dei som Jane Seymour berar i dei offisielle portretta hennar. Opptegnelser viser at desse smykka tilhøyrde krona og ikkje dronninga sjølv og det er ingen opptegnelser som viser at smykka har vorte fjerna eller gitt til nokon annan. Den einaste andre moglegheita er at dette portrettet viser Henriks skotske niese, Margaret Douglas, hertuginne av Lennox, svigermor til Maria Stuart, dronninga til skottane.

Katarina Howard på film[endre | endre wikiteksten]

Katarina vart første gong framstilt på film i 1926 i stumfilmen Hampton Court Palace, der ho vart spelt av Gabrielle Morton. I 1933 i The Private Life of Henry VIII vart ho spelt av den sensuelle britiske dansaren Binnie Barnes. I denne komedien vel Katarina å gje opp sin kjærleik og går ambisiøst i gang med å forføra kongen. Hennes tragedie skjer når ho forelskar seg i Thomas Culpepper. Denne unøyaktige framstillinga har sidan dominert framstillinga av ho på film som byrja med avrettinga av Anne Boleyn (spelt av Merla Oberon) og endar med Henriks ekteskap med Catherine Parr (spelt av Everley Gregg).

Den amerikanske skodespelaren Dawn Addams gjorde ein opptreden på 10 sekund som den dømde dronninga i den romantiske filmen Young Bess frå 1952 med Charles Laughton som Henrik VIII, Stewart Granger som Thomas Seymour og Jean Simmons som Elizabeth I.

I 1970 spelte Angela Pleasence Katarina i ein BBC dramafilm på 90 minutt som ein del av fjernsynsserien The Six Wives of Henry VIII. Keith Michell hadde rolla som kongen, Patrick Troughton som hertugen av Norfolk og Sheila Burrell som hennes hoffdame Jane Boleyn. I denne versjonen av hendingane er Katarina ein skarp, ettergjevande, ondskapsfull, og nytelsessyk kvinne som nyttar seg av ein naiv Culpepper for å kunna verta gravid og for slik å sikra sin posisjon som dronning. Denne karakteriseringa og handlinga er særs historisk ukorrekt, noko som var uvanleg sidan dei andre fem dramaepisodane om dei andre konene vart utstrakt prist for å vera historisk korrekte.

Katarina Howard gjorde ein cameo-opptreden spelt av Monika Dietrich i den britiske slapstickkomedien Carry On Henry med Sid James som kong Henrik. To år seinare portretterte Lynne Frederick dronninga i filmen Henry VIII and his Six Wives med Keith Michell som kong Henrik VIII.

I 2001 spelte Michelle Abrahams dronning Katarina i David Starkey sin fjernsynsdokumentar om kong Henriks dronningar.

I 2003 spelte Emily Blunt ei langt meir sympatisk Katarina i ITV sitt fjernsynsdrama om Henrik VIII som valde å fokusera utelukkande på Katarinas seksuelle tilhøve. Atter ein gong vart ekteskapsbrotet hennar forklart som ønsket til slektningar om å gjera henne gravid. Ho vart vist skrikande og gråtande av frykt ved avrettinga, noko som ikkje er korrekt då dei historiske oppteikninga viser at ho opptredde langt meir verdig.

I 2009 og 2010 spelte Tamzin Merchant dronning Katarina i den tredje og fjerde sesongen av Showtime-produksjonen The Tudors.

Katarina Howard i historieskriving[endre | endre wikiteksten]

Den viktorianske skribenten Agnes Strickland argumenterte for at Katarina var uskyldig i alle tiltalene som vart retta mot ho. Andre som den amerikanske historikaren Lacey Baldwin Smith har skildra hennes liv som «hedonistisk» og Katarina som ein «ungdomsforbryter». Alison Weir har i si bok frå 1999, The Six Wives of Henry VIII skildra henne som «ei tomhovud, lausaktig kvinne».

Andre biografiar har vore meir velvillige, særleg David Starkey som har sett fram revolusjonære teoriar om ekteskapsbrotet til Katarina, og feministaktivisten Karen Lindsey, som er velvillig men realistisk i vurderinga si av personlegdommen til Katarina Howard.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Det er fleire ulike måtar som namnet hennar «Catherine» vart stava på i løpet av 1500-talet og av historikarane i dag. Den einaste overlevande signaturen hennar stavar namnet «Katheryn», men denne skrivemåten blir ikkje lenger nytta. Den fremste biografen hennar, Lacey Baldwin Smith, nyttar den moderne stavemåten «Catherine» medan andre historikarar som til dømes Antonia Fraser nyttar den tradisjonelle engelske stavemåten «Katherine», som tradisjonelt har gitt Katarina på dei nordiske språka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Primary Sources: The fall of Catherine Howard, 1541». Arkivert frå originalen 2010-04-14. Henta 11. april 2010. 
  2. «Letter of Queen Catherine Howard to Master Thomas Culpeper - spring 1541» Arkivert 2. april 2010 på Wayback Machine.. Primary Sources. Englishhistory.net.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Plaidy, Jean (1993): The Rose Without a Thorn: The Wives of Henry VIII: ein historisk roman
  • Smith, Jessica (1972): Katherine Howard
  • Lindsey, Karen (1999): Divorced, Beheaded, Survived: Feminist Reinterpretation of the Wives of Henry VIII (ISBN 0-201-40823-6)
  • Starkey, David (2004): Six Wives : The Queens of Henry VIII (ISBN 0-06-000550-5)
  • Weir, Alison (1993): The Six Wives of Henry VIII (ISBN 0-8021-3683-4)
  • Smith, Lacey Baldwin (1961): A Tudor tragedy: The life and timest of Catherine Howard
  • Denny, Joanna (2005): Katherine Howard: A Tudor Conspiracy
  • Herman, Eleanor (2006): Sex with the Queen (ISBN 0-06-084673-9)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Katarina Howard