Hopp til innhald

Katarina I av Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katarina I av Russland

Fødd5. april 1684
FødestadKrustpils
Død6. mai 1727
DødsstadSt. Petersburg
GravstadPeter- og Pauluskatedralen
Gift medPeter I av Russland, Johann Kruse
DynastiHouse of Skavronsky
FarSamuel Skowroński
MorDorothea Skowrońska
BornAnna Petrovna, Elisabeth av Russland, Pjotr Petrovits av Russland, Natalia Petrovna, Katherine Petrovna Romanov, Natalia Maria Petrovna, Margaret Petrovna Romanov, Paul Petrovich Romanov

Katarina I av Russland (russisk Екатерина I, transkribert Jekaterina I), fødd 15. april 1684, død 17. mai 1727, var medregent med ektemannen Peter I frå 1724 til han døydde året etter, og deretter regent åleine, som den fyrste kvinna på den russiske trona.

Tidleg liv

[endre | endre wikiteksten]

Katarina var fødd som Marta Elena Skowronska og var dotter til ein livlendar, Samuelis Skavronskis.

Katarina kom tidleg i omsorga til framande. Ho blei gifta bort i 1702 i Marienburg (i Livland) med ein svensk soldat, Johan Kruse (eller Cruhs). Ikkje lenge etter bryllaupet blei Marienburg teke gjennom kapitulasjon. Katarina blei bortført som sigersbytte og kom til slutt til prins Mensjikov.

Då Kruse ville gifta seg på nytt i 1708 kunngjorde han for eit konsistorium i Pärnu i dagens Estland at Katarina var ei kjøpmannsdotter frå Polen (truleg Litauen eller polsk Livland), og ein major von Heinen sa i eit dokument sendt til konsistoriet at han etter kapitulasjonen til Dorpts (Dorpat, Tartus) i 1704 såg Katarina i Narva, at ho då var hjå «Menschenkopf» (Mensjikov), som ho hadde to born med, og at ho ikkje kom til å ta opp att tilhøvet med den fyrste mannen sin, «for ho hadde det så godt som ei prinsesse no.» I 1710 var Kruse ved regimentetet til Karl Nieroth, og kom truleg i russisk fangenskap etter at Reval (Tallinn) kapitulerte 28. september 1710. Seinare er det ikkje kjent kva som skjedde med han.

Elskarinne

[endre | endre wikiteksten]

Hjå Mensjikov fekk tsar Peter den store sjå Katarina. Peter tok henne med til elskarinne, og ho klarte å gjera seg uunnverleg. I 1703 gjekk ho inn i den russisk-ortodokse kyrkja og fekk namnet Katarina Aleksejevna (namnet Aleksejevna fekk ho etter tronfølgjaren Aleksej, som var fadderen hennar ved dåpen). 1707 vart ho hemmeleg gift med Peter og fødde dottera Anna i 1708 (seinare gift med Karl Fredrik av Holstein-Gottorp) og dottera Elisabeth i 1709 (seinare russisk tsarina). I tillegg fekk dei fleire born som ikkje levde opp.

Ein kjenner berre til delar av tida hennar som Peter si elskarinne. Ho hadde ikkje status som offisiell elskarinne, og hadde ingen fast bustad, men følgde han til slagmarkene i Polen, Baltikum og Litauen. Ho hadde med seg eit eige lite hushald som bestod av kona til Mensjikov, Daria Arseneva, og syster hennar Varvara og anstanden deira Anisia Tolstaja. I 1708 skreiv Peter eit testamente der han stipulerte at «Katarina Vasiljevskaja» og døtrene hans med henne skulle takast vare av i tilfelle han døydde. I 1710 var ho framleis ukjend då den danske ambassadøren telde opp medlemmane i familien og krinsen til Peter.

Keisarinne

[endre | endre wikiteksten]

Den 6. mars 1711 kunngjorde Peter ekteskapet sitt med Katarina like før avreise til den tyrkiske krigen. Katarina skal då ha frelsa den russiske hæren frå fullstendig undergang då han blei omringa av tyrkarane ved Prut. Ho deltok i forhandlingane mellom den russiske kommandanten og storvesiren, som gjekk med på fred etter bestikkingar. I juni 1711 blei ho og Peter såvidt å takast som fangar etter at ho gav juvelane sine i bytte for fridom. Peter viste takksemda si ved å kunngjera ekteskapet sitt med henne. Den 12. februar 1712 gifta paret seg offentleg og heldt bryllaupsfest i Vinterpalasset. I 1714 blei Katarinaordenen innstifta til hennar ære, i 1718 blei ho erklært tsarina og 7. mai 1724 krona i Moskva. Stesonen hennar Aleksej likte henne ikkje; han protesterte mot ekteskapet i 1712 og nekta å la henne stå som gudmor til dottera si i 1714.

Peter, som hadde forvandla Russland til eit vestleg land gjennom radikale reformprogram, gav Katarina oppdraget med å skapa ei ny rolle for den russiske keisarinna. I 1711 gav han henne eit komplett vestleg hoff med teneste etter tysk mønster, bekrefta av ei rangtavle frå 1722, komplett med overhoffmeisteren Maten Balk og kammarfrøkner, pasjar, afrikanske slavegutar og ein kvinneleg hoffnarr, prinsessa Anastasia Petrovna Golitsyna. Medan Peter ved sitt eige hoff føretrakk å bryta så mange etikettereglar som mogleg, var det Katarina si oppgåve å kunne stilla opp med eit representativt og velfungerande hoff når han ville ta imot diplomatar og utlendingar på ein standsmessig måte. Katarina tok del i dei tradisjonelle oppgåvene som tilhøyrde dronningrolla, som å vera til stades ved religiøse festar, bryllaup, dåpar og gravferder i familien og for hoffmedlemmar, og å arrangera ekteskap for hoffdamene sine. I dette siste oppmoda ho faktisk hoffdamene til å velja ektemake sjølv med tilvising til at dei visste best kven dei ville ha og ikkje burde la andre ta avgjerda.

Reformfiendtlege russarar likte ikkje Katarina ,og såg ekteskapet som uverdig på grunn av rykta om at Peter sin son Alexej skulle ha fungert som gudfar under den ortodokse dåpen hennar, noko som gjorde henne til Peter si sonedotter etter reglane til kyrkja. Samtida roste og stolte på den roande innverknaden ho blei sagt å ha på Peter, og ho hindra fleire avrettingar og tortur ved å be til han på vegner av andre. I november 1724 blei sekretæren til Katarina, Wilhelm Mons, avretta for korrupsjon. Det gjekk rykte om at han hadde vore elskaren hennar; hendinga førte i alle høve til at Katarina og Peter ikkje snakka med kvarandre på fleire månader.

Etter at Peter døydde i 1725 utan å ha utnemnd ein etterfølgjar, blei Katarina vald til monark med hjelp av Mensjikov. Som herskar har ho fått eit dårleg ettermæle. Mensjikov, som Katarina gjekk inn i eit intimt forhold med igjen, var den sanne monarken i Russlandm og regjerte despotisk og utan dugleik. Den milde Katarina sløste på familien sin, og holsteinarane var avskydde av russarane. Hoffet var skodesplass for intriger og utsveving. I 1726 kalla ho slektningane sine til hoffet, og gjorde brørne sine Karl og Fredrik Skavronskij til grevar.

  • Katarina i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1910)
  • Clarissa Campbell Orr: Queenship in Europe 1660-1815: The Role of the Consort. Cambridge University Press (2004)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Katarina I av Russland