Katarina av Aragón

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katarina av Aragón

FøddCatalina de Aragon y Castilla
16. desember 1485
Alcalá de Henares
Død7. januar 1536
Kimbolton Castle
TittelAmbassador of the Kingdom of Spain to the Kingdom of England
Alle titlarinfante av Aragón, Infante of Castile, kongegemalinne, Princess of Wales
Hus eller slektHuset Trastámara, Huset Tudor
GravstadPeterborough Cathedral
LandSpania
MorIsabella av Castilla
FarFerdinand II av Aragón
EktefelleArthur, fyrste av Wales, Henrik VIII av England
Barnstillborn daughter Tudor (1510), Henrik, Hertug av Cornwall, Henry, Duke of Cornwall (1513), Henry, Duke of Cornwall (1514), Maria I av England, stillborn daughter Tudor (1518)

Katarina av Aragón (på spansk Catalina de Aragón, på engelsk Catherine of Aragon, 16. desember 14857. januar 1536) var ei spansk prinsesse og engelsk dronning. Ho var den fyrste kona til kong Henrik VIII av England.

Etter at Katarina hadde vore gift i over 20 år utan å føda ein mannleg arving for Henrik, ville kongen ha ekteskapet annullert. Henrik var dessutan blitt forelska i ei ung hoffdame, Anne Boleyn. Paven nekta å tillata ei slik annullering, noko som førte til ein kjedereaksjon av hendingar som enda med at Henrik braut med Den heilage stolen og såleis innførte reformasjonen i England. Som overhovud for Den engelske kyrkja sørgde han for at kyrkja erklærte det fyrste ekteskapet hans ugyldig, slik at han kunne gifta seg opp att med Anne Boleyn.

Til skilnad frå fleire av dei seinare konene hans, levde Katarina i fleire år etter at ekteskapet formelt vart oppløyst. Ho budde livet ut i England.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Katarina som ung enke, måla av hoffmålaren til Henrik VII, Michel Sittow, ca. 1502.

Katarina vart fødd i Alcalá de Henares i 1485 og var det yngste overlevande barnet av Ferdinand II av Aragón og Isabella I av Castilla.

Katarina vart gift med prins Arthur, den eldste sonen til kong Henrik VII av England, den 14. november 1501. Som prins av Wales vart Arthur sendt til Ludlow Castle på grensa av Wales for å ha forsete i den walisiske rådsforsamlinga, og Katarina følgde han. Nokre få månader seinare vart dei begge sjuke, kanskje på grunn av den engelske sveittepesten som herja området. Katarina heldt sjølv på å døy, men kom igjen seg og var då enke. Ho måtte venta ein månad for å sjå om ho var gravid med Arthurs barn og gav deretter vitnemål på at ekteskapet, på grunn av den unge alderen til paret, aldri vart fullbyrda. Pave Julius II gav deretter ein dispensasjon som tillét at Katarina kunne forlovast med den yngre broren til Arthur, den framtidige kongen Henrik VIII av England.

Det har vore diskutert ein del om Katarina sitt ekteskap med Arthur verkeleg vart fullbyrda.

Det har vorte sagt at Katarina av Aragón fekk anlagt vegen Aragon Road i landsbyen Great Leighs i Chelmsford, og det vart òg sagt at ho levde ei tid i Windsor-huset ved vegen.

Dronning av England[endre | endre wikiteksten]

Bryllaupet skjedde ikkje før etter at Henrik overtok trona i 1509, og dei vart gift den 11. juni og følgd av kroninga den 24. juni 1509. Både som prinsesse av Wales og som dronning av England var Katarina særs populær hos folk flest. Då Henrik invaderte Frankrike i 1513 var ho regent av England.

Portrett av 18 år gamle Henrik VIII etter hans kroning i 1509.

Truleg gifta Henrik seg med Katarina etter ønsket til den døyande faren sin, og var sjølv tilfreds med å gifta seg med henne (til trass for høglydt krangel med far hennar om betaling av medgifta). I 18 år syntest han vera nøgd med ekteskapet, om enn ikkje trufast, heilt til han vart seriøst uroa for at han ikkje hadde ein mannleg arving til trona si då ho nådde menopause.

I 1510 kom nevøen til Katarina, keisar Karl V av Det tysk-romerske riket, på statsbesøk til England og dronninga oppmoda kongen inntrengande om å få ein allianse med han, i staden for med Frankrike. Kort tid etter at keisaren forlét England følgde dronninga kong Henrik til Frankrike for å vitja Frans I av Frankrike, ei hending kjend som Camp du Drap d'or, engelsk Field of Cloth of Gold, det vil seia «Gullbrokadeleiren». Likevel vart det to år etter erklært krig mot Frankrike, og keisaren var igjen velkomen i England der det vart lagt planar om å forlova han med dottera til Henrik og Katarina, prinsesse Mary.

Graviditetar og barn[endre | endre wikiteksten]

Ein mannleg arving var særs viktig for Henrik. Tudordynastiet var nytt på den engelske trona, og legitimiteten til dynastiet kunne framleis setjast på prøve. Den siste gongen ei kvinne hadde arva den engelske trona var Maud av England, dotter til Henrik I av England, og då hadde nasjonen hamna i ein lang borgarkrig mot baronar som ville nekta ei kvinne å regjera. Katastrofane som følgje av ein borgarkrig sat enno friskt i minnet i kjølvatnet av rosekrigane (1455–1485).

Det mangla ikkje på høve for Henrik og Katarina å få fram ein arving, sidan ho vart gravid i alle fall sju gonger. Diverre døydde nesten alle borna, inkludert to søner, under graviditeten eller kort tid etter fødselen. Følgjande graviditetar er kjende for ettertida:

  • I august 1509, berre to månader etter giftemålet, vart det fyrste barnet annonsert. Den 31. januar 1510 spontanaborterte ho ei dotter.
  • I mai 1510, berre fire månader etter tapet av det fyrste barnet, vart eit nytt barn annonsert. Den 1. januaren 1511 vart prins Henrik, hertug av Cornwall fødd, og stor var gleda i England, og til hans ære vart det skuttet med kanonar frå Tower of London og gjeve ei rekkje andre markeringar rundt omkring i landet. Den unge prinsen vart døypt 6. januar same år, i Richmond Palace. Han døydde likevel 22. februar, berre 52 dagar gammal, angiveleg av fordøyelsesbesvær.
  • Tidleg i 1513 var Katarina gravid på ny, og i november fødde ho ein prematur og dødfødt son.
  • I juni 1514 var eit nytt barn på veg, og 8. januar 1515 fødde ho endå eit dødfødt guttebarn.
  • Sommaren 1515 var Katarina gravid for femte gong, men på grunn av dei mange mislukka graviditetane, var det mindre forventingar til at detta skulle gje landet ein arving. 18. februar 1516 fødde ho likevel ein levedyktig dotter i Greenwich Palace. Ho vart døypt Mary tre dagar seinare. Etter denne vellukka barnefødselen, fekk Henrik fornya voner om at den etterlengta sonen skulle verta røyndom neste gong.
  • I 1517 spontanaborterte Katarina endå eit barn.
  • I februar 1518 var Katarina gravid for sjuande gong, og 10. november same år fødd ho eit jentebarn. Barnet var svakt, og døydde berre nokre timar etter fødselen.

Dei siste åra[endre | endre wikiteksten]

På den tida var ikkje Katarina lenger i stand til å verta gravid. Mangelen på ein tronarving fekk Henrik til å tru at ekteskapet hans var forbanna. Han søkte stadfesting i Bibelen og i Tredje mosebok 20,21 om at ein mann giftar med seg sin hustrua til bror, vil verta verande barnlaus.[1] Han valde å tru at Katarina hadde løya då ho sa at ekteskapet med broren Arthur aldri vart fullbyrda, og at hans og Katarinas ekteskap dermed var feil i Guds auge. Likevel står det i Femte mosebok 25,5 at ein mann pliktar å ta sin enka til bror til kone, om broren døyr sønneløs.[2] Kong Henrik sende likevel ein førespurnad i 1527 til pave Klemens VII om annullering av sit ekteskap.

Paven utsette spørsmålet i sju år utan å ta noka endeleg avgjerd, delvis fordi ei annullering ville tyda ein innrømmelse av at Kyrkja hadde teke feil ved å gje dispensasjon til ekteskapet i utgangspunktet, og delvis fordi pave Klemens faktisk sat som fange i Engelborg etter at Katarinas systerson, keisar Karl 5., hadde erobra Roma. Henrik separerte seg likevel frå Katarina i juli 1531, og gifta seg i januar 1533 med ein av hennar hoffdamer, Anne Boleyn, syster av hans tidlegare elskerinne Mary Boleyn. Henrik fekk deretter gjort sin rådgjevar Thomas Cromwell til vicegerent[3] hos Lord sin Spiritual, noko som gjorde han til høgaste domar i kyrkjelege saker, og styresmakt til å annullera ekteskapet til kongen med Katarina. Dette skjedde den 23. maien 1533. Fem dagar etter erklærde Thomas Cranmer, erkebiskop av Canterbury, ekteskapet mellom Henrik og Anne for gyldig. For å hindra Katarina i å anka til Roma, sørgde han for å få vedteke loven om overherredømme (Act of Supremacy) i parlamentet, noko som gjorde kongen av England, og ikkje Den heilage stolen i Roma, til overhovud for den engelske kyrkja. Detta var byrjinga til den engelske reformasjonen.

Katarina nekta å anerkjenna annulleringa og tok saka for domstolen, men utfallet var gjeve, og ho vart tvinga til å forlata hoffet. Ho vart skild frå dotter si, som vart erklært illegitim og sendt av stad til eit audmjukt tilvere på fjerntliggande stadar som More Manor i Hertfordshire, Buckden Towers og til sist Kimbolton-slottet, i voner om at ho ville anerkjenna annulleringa av ekteskapet.[4][5][6] Dette gjorde ho aldri, men signerte det siste brevet sitt slik ho alltid hadde gjort: «Katarina, dronning av England». På denne tida var ho kanskje klår over at Henrik sitt ekteskap med Anne var byrja å slå sprekkar, og kan ha fatta voner om ei forsoning med kongen.

Katarina døydde på Kimbolton-slottet den 7. januar 1536, og vart gravlagd i Peterborough-katedralen 29. januar etter 27 år som engelsk dronning.[7] Thomas Cromwell freista å gjera gravferda så verdig som mogleg, og sørgde at for kisten vart frakta i ein vogn trekt av seks hestar og dekket med svart fløyel. Femti svartkledde tenarar gjekk i prosesjon med faklar. Fire biskopar og seks abbedar tok imot i kyrkjedøra.[8] Same dag aborterte Anne Boleyn i London. Det vart sagt å vera eit gutefoster.[9]

Ved balsameringa vart det oppdaga ein svart svulst ved Katarinas hjarte. Dette førte til rykte om at ho var vorten forgifta av Anne Boleyn. Moderne medisinarar meiner det heller var snakk om ei form for kreft.[10] Henrik deltok ikkje i gravferda, og tillét heller ikkje dottera Maria å delta. Fem dagar tidlegare hadde han skadd seg alvorleg då han fall av hesten i ei riddarturnering, og Anne Boleyns abort på begravelsesdagen kan ha vore ei følgje av sjokket.[11][12]

Katarina av Aragón var den einaste av konene til Henrik VIII som levde lenge nok til å verta femti år. I 1643 raserte troppane til Oliver Cromwell Peterborough-katedralen og grava til Katarina, men på 1800-talet gjekk det ut ein appell til engelske kvinner med same namnet (Catherine, Katharine osb.) som samla inn nok pengar til å få reist ein ny gravstein på grava hennar.[7] Vitjande til katedralen kan sjå gravsteinen til Katarina som ofte er pynta med blomar, og der det står «Katarina, dronning». Peterborough er venskapsby med Alcalá de Henares der ho vart fødd.

Historiografi[endre | endre wikiteksten]

Katarina har lenge hatt sina beundrere for det mot som ho viste då ho motsette seg skilsmissa og slegest for sin rettane til dotter. Ho vart eit symbol på kvinner i urett.

Ho har òg hatt sina kritikarar. I 1860 sa den tyske historikaren G. A. Bergenroth at han meinte at den gjennomgåande universelle prisinga av Katarina av Aragón trong «å verta mindre». David Starkey er ein moderne historikar som har kritisert Katarina i sin bok Six Wives, men han har insistert at det var ikkje mangel på respekt og argumenterte at hennar taktikk i politiske intrigar var ein hyllest til hennar intelligens.

På same tid har Katarinas liv og kamp vorte portrettert i eit meir upartisk eller i eit meir positivt lys av mange historikarar. Den amerikanske historikaren Garrett Mattingly var forfattar av ein populær biografi om Katarina av Aragón i 1942. I 1967 skreiv Mary M. Luka den fyrste boka om ho i sin Tudortrilogi, Catherine the Queen, som portretterte Katarina og den kontroversielle tida av engelsk historie som ho levde i frå ein upartisk synsvinkel. I dei seinaste år har historikaren Alison Weir teke eit meir sympatisk standpunkt for Katarina i hennar biografi The Six Wives of Henry VIII. Antonia Fraser har òg dekt Katarina omfattande i hennar biografi frå 1992 med den same tittelen.

Moderne historikarar er av den meininga at verken Katarina eller Anne Boleyn kan lastast for dei rollane som dei spelte i løpet av dei urolege tidene i engelsk historie. Begge reagerte ganske enkelt til dei omstenda som dei var i. Den amerikanske feministen Karen Lindsey meiner at den sanne synderen for Katarinas elende i hennar siste år var hennar ektefelle Henrik.

Framstilling i filmen og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Katarina vart fyrste gong portrettert i filmen frå 1911 av Violet Vanburgh i ein produksjon av William Shakespeare sitt skodespel Henrik VIII. Ni år seinare spelte den tyske skodespelaren Hedwig Pauly-Winterstein dronninga i filmen Anna Boleyn. Seinare spelte skodespelaren Rosalie Crutchley Henrik VIIIs fyrste dronning i The Sword and the Rose, ei forteljing som fokuserte på Maria Tudors romanse med hertugen av Suffolk i 1515. Crutchley portretterte seinare Henriks sjette dronning Katarina Parr i The Six Wives of Henry VIII.

Det var ikkje før i 1969 i Hal B. Wallis' kritikarroste film Anne of the Thousand Days at Katarina av Aragón vart framstelt på film igjen. Denne gongen vart ho spelt av den greske skodespelaren Irane Papas. Eit år seinare i eitt 90 minutt langt fjernsynsdrama som vart produsert av BBC framstelte den britiske skodespelaren Annette Crosbie den særs historisk etterrettelige versjonen av Katarina av Aragón i eit stykke ganske enkelt kalla Catherine of Aragon som ein del av BBCs dramaserie The Six Wives of Henry VIII.

Dramaet byrjar den natta der Katarina kjem til England og følgjer ho gjennom hennar tidlege ekteskap med Henrik VIII. Den held fram nær eit tiår seinare med Henriks manøvrar for å få ekteskapet annullert slik at han kan gifta seg med Anne Boleyn. Stykket, som hadde den australske skodespelaren Keith Michell som Henrik VIII, Dorothy Tutin som Anne Boleyn og Patrick Troughton som hertugen av Norfolk, dekket Katarinas liv fram til hennar død i januar 1536. To år seinare spelte Claire Bloom ho i endå ei utgåve av Shakespeares skodespel.

I filmen frå 1973, Henry VIII and his Six Wives, spelte Frances Cuka dronninga og Keith Michell framstilte endå ein gong Henrik VIII. Ei scene var lagd inn mellom Frances Cuka og Charlotte Rampling (som framstilte Anne Boleyn) for å viste den stille, gjennomsiktige fiendskapen deira.

Det var ikkje før 2001 at Katarina igjen dukka opp på lerretet. Denne gongen var det i David Starkeys dokumentarserie om Henrik VIIIs dronningar. Ho vart då portrettert av Annabelle Dowler, og med Julia Marsen som Anne Boleyn.

I 2003 opptredde Katarina to gonger på britisk fjernsyn. I januar hadde den spanske skodespelaren Yolanda Vasquez ei kort framferd i rolla i The Other Boleyn Girl, og der Jared Harris spelte Henrik VIII og Natascha McElhone var Mary Boleyn. I oktober hadde fjernsynskanalen ITV ein dramaserie i to delar der Henrik VIII vart spelt av Ray Winstone og der Assumpta Serna framstelte dronning Katarina. Fyrste del viste livet til kongen frå fødselen av hans son utanfor ekteskap, Henry Fitzroy, og fram til avrettinga av Anne Boleyn, framstilt av Helena Bonham Carter, i 1536. David Suchet spelte kardinal Thomas Wolsey.

Maria Doyle Kennedy hadde rollen som Katarina i Fjernsynsserien til showtime i 2007, The Tudors, og der Jonathan Rhys Meyers spelte Henrik og Natalie Dormar spelte Anne Boleyn. Filmutgåva av romanen The Other Boleyn av Philippa Gregory hadde Ana Torrent som Katarina, og med Eric Bana som Henrik, Scarlett Johansson som Mary Boleyn og Natalie Portman som Anne Boleyn.

Det har òg vore fleire fiktive utgåver av Katarinas historiske skikkelse, blant anna Catharine of Aragon av forfattaren Jean Plaidy som spesialiserte seg på romantisering av historia, og The Constant Princess av Philippa Gregory. Eit yngre publikum fekk Katarinas historie gjeve att i Patience, Princess Catherine av Carolyn Meyer.

Sjølv om Katarina av Aragón ofte er vorten framstelt på film og på teaterscena med ofte stereotype spanske trekk som kolsort hår og gyllenbrun hud var ho faktisk grå eller blåøyd med lys hud og ein hårfagre som tenderte mot rødblondt, noko som ikkje er uvanleg for nordspanjolar som i hennar området til far Aragón. Vidare var Katarina sjølv delvis av engelsk opphav via hennar oldemor, Katarina av Lancaster.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1][daud lenkje] 3. Mos 20,21 «Når en mann gifter seg med sin brors kone, er det urenhet. Han har avdekket sin brors nakenhet. De skal bli barnløse.»
  2. [2][daud lenkje] 5. Mos 25,5 «Om brødre bor sammen og en av dem dør uten å ha fått en sønn, skal hans enke ikke gifte seg med en utenfor slekten, med en fremmed. Hennes svoger skal gå inn til henne og gjøre sin plikt som svoger gjennom å ta henne til kone.»
  3. https://www.oxfordreference.com/view/10.1093/oi/authority.20110803115636544
  4. https://threeriversmuseumtrustblog.wordpress.com/2016/02/14/hidden-history-of-the-manor-of-the-more/
  5. arkivkopi, arkivert frå originalen 11. mai 2021, henta 22. november 2021 
  6. https://www.thevintagenews.com/2018/01/24/kimbolton-castle/
  7. 7,0 7,1 http://onthetudortrail.com/Blog/2012/01/29/catherine-of-aragons-funeral/
  8. arkivkopi, arkivert frå originalen 7. oktober 2020, henta 22. november 2021 
  9. https://www.theanneboleynfiles.com/29-january-1536-anne-boleyns-miscarriage/
  10. https://hforhistory.co.uk/h-for-history-posts/2017/03/09/story-behind-blackened-heart-alison-weir/
  11. https://www.independent.co.uk/news/uk/this-britain/the-jousting-accident-that-turned-henry-viii-into-a-tyrant-1670421.html
  12. https://www.theanneboleynfiles.com/24-january-1536-serious-jousting-accident-henry-viii/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Katarina av Aragón