Kateřina Holubcová

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kateřina Holubcová
Statsborgarskap Tsjekkia
Fødd 28. juni 1976 (47 år)
Ústí nad Labem
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, VM i skiskyting 2003

Kateřina Holubcová-Jakešová (fødd 28. juni 1976), fødd Losmanová, er ein tsjekkisk tidlegare skiskyttar frå Ústí nad Labem som vart verdsmeister på 15 km i 2003 og tok bronsen på sprinten i same meisterskapen. Ho var i nokre år gift med skiskyttaren Tomáš Holubec.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kateřina Losmanová vart junior-verdsmeister i sprint i 1995. Ho deltok så i alle dei store meisterskapane i perioden 1996-2006, men utmerka seg einast under VM i skiskyting 2003 i Khanty-Mansijsk. Under den meisterskapen hevda ho seg derimot i alle dei fire individuelle øvingane. Det tok til med bronsemedalje i 7,5 km sprint og heldt fram med åttandeplass i jaktstarten. Deretter overraska ho stort ved å vinne 15 km normalprogram etter prikkfri skyting, åtte sekundar framom Olena Zubrilova. På den avsluttande fellesstarten skaut ho seg ut av medaljestriden med ein bom på siste liggjande skyting og vart nummer fem.

Holubcová fekk på nyåret 2003 sin fyrste av fem pallplassar i verdscupen i skiskyting. I tyske Oberhof vart ho nummer tre på sprinten, same plassen fekk ho i jaktstart i Östersund. Med dei to medaljane i VM 2003 og ein andreplass i italienske Antholz i januar 2004, kom Holubcová opp i til saman fem verdscup-pallplassar (1-1-3) i karrieren. Ho vart nummer 8 i verdscupen i skiskyting 2003.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]