Kate Bush

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kate Bush
Kate Bush at 1986 Comic Relief (cropped).png
Verkeleg namn Catherine Bush
Fødd 30. juli 1958 (60 år)
Welling i Southeast London i England
Instrument

Vokal, piano, tangentinstrument, bassgitar, gitar, fiolin

Sjanger Kunstrock,[1] progressiv rock,[2] alternativ rock,[1] barokkpop
Aktive år 1975 til i dag
Yrke Musikar, vokalist, låtskrivar, plateprodusent
Plateselskap EMI Records (1975 til i dag)
Columbia Records (USA) (1989–2009)
Legacy Recordings (2010 til i dag)
Fish People (eige selskap) 2011–
Nettstad www.katebush.com
Kjende instrument
Fairlight CMI

Catherine «Kate» Bush (fødd 30. juli 1958)[1] er ein engelsk songar-låtskrivar, musikar, dansar og plateprodusent. Sidan debuten i 1978 har ho vore kjend for ein eklektisk musikkstil som blandar rock, folkemusikk og klassisk musikk, ein særeigen, falsettprega vokal og ein eigen visuell stil prega av mimikk og moderne dans.[3][4]

Bush blei den første kvinnelege artisten til å nå toppen av den britiske singellista med ein sjølvskriven song då debutsingelen hennar «Wuthering Heights» låg på førsteplassen i fire veker.[3] Ho har sidan gjeve ut tjuefem singlar som nådde den britiske topp 40-lista, mellom dei topp ti-hittane «The Man with the Child in His Eyes», «Babooshka», «Running Up That Hill», «Don't Give Up» (med Peter Gabriel) og «King of the Mountain». Ho har gjeve ut ti studioalbum som alle nådde topp 10-lista i Storbritannia. Med albumet Never for Ever frå 1980 vart Bush den første britiske kvinnelege artisten som toppa den britiske albumlista og den første kvinnelege artisten som gjekk rett inn på førsteplassen.[5] Ho er òg den første (og einaste) kvinnelege artisten som har hatt Topp 5-album på den britiske albumlista i fem tiår på rad.

I 1987 vann Bush Brit Award, den britiske spellemannsprisen, for beste britiske kvinnelege artist, og i 2002 fekk ho Ivor Novello-prisen for bidraga sine til britisk musikk. I løpet av karrieren sin har ho vore nominert til tre Grammy-prisar. I 2014 blei ho gjeven den kongelege ordenen Commander of the Order of the British Empire (CBE).[6] I oktober 2017 blei det annonsert at ho var ein av ei nominerte til å takast med i Rock and Roll Hall of Fame i 2018.[7]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kate Bush blei fødd i Bexleyheath i Kent,[8] som dotter av den engelske legen Robert Bush (1920–2008) og irske Hannah Daly (1918–1992).[9] Ho fekk ei katolsk oppseding[10] saman med dei eldre brørne John og Paddy i den urbane landsbyen East Wickham ved Welling.[11]

Familien til Bush var interessert i musikk, dans og kunst. Mor hennar dreiv med irsk folkedans og faren var amatørpianist. Begge brørne var knytte til det lokale folkemusikklivet,[12] og Paddy var ein instrumentmakar medan John dikta og fotograferte. Den musikalske påverknaden frå familien fekk Bush til å læra seg sjølv å spela piano som elleveåring. Ho spelte også orgel i løa bak huset deira, og lærte å spela fiolin.[13] Ho byrja å laga eigne musikkstykke, etterkvart også med sjølvskrivne tekstar.[14]

Kate og John lærte også karate ved Goldsmiths College. Kate blei kjend som «Ee-ee» i karateklubben på grunn av dei høge kiaiskrika sine. Ein av instruktørane, Dave Hazard, skreiv seinare at han meinte danserørslene hennar hadde noko påverknad frå karate.[15]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

1975–1977: Byrjing[endre | endre wikiteksten]

Puben The Rose of Lee eller Dirty South, der Kate Bush ofte opptredde med KT Bush Band.

På midten 1970-talet var Bush elev ved den katolske jenteskulen St Joseph's Convent Grammar School ved Woolwich Road i Abbey Wood i Søraust-London. På denne tida hjelpte familien henne med å laga ein demoteip med over 50 av komposisjonane sine, men denne blei forkasta av plateselskap. David Gilmour frå Pink Floyd fekk demoen av Ricky Hopper, som var venn av både han og familien Bush. Gilmour var imponert av det han høyrde og hjelpte seksten år gamle Bush med å skapa ein meir profesjonell demoteip som ville bli lettare å selja til plateselskapa.[16] Til saman blei tre spor spelte inn som Gilmour betalte for.[17] Teipen blei produsert av ein venn av Gilmour, Andrew Powell, som også kom til tidsskå produsera dei to første albuma til Bush,[14] og lydteknikaren Geoff Emerick, som hadde arbeidd med The Beatles.[18] Demoen blei send til Terry Slater ved EMI.[19] Slater tykte om demoen og skreiv kontrakt med henne.[20] EMI-direktøren Bob Mercer meinte ho ikkje var klar til å gje ut eit album enno, og Bush fekk gjera lite innspelingsarbeid dei første to åra. Ho fekk likevel eit nokså stort forskot frå EMI, og brukte pengane til å studera moderne dans (interpretive dance) hjå Lindsay Kemp, som også hadde lært opp David Bowie,[21] og miming hjå Adam Darius.[22]

Bush hadde no skrive nær 200 songar, og laga demoar av dei. Nokre av desse finst på uoffisielle opptak kjend som Phoenix Recordings.[23] Frå mars til august 1977 var ho frontfigur for KT Bush Band på pubar i London, særleg på Rose of Lee (seinare Dirty South) i Lewisham. Dei andre tre medlemmane av gruppa var Del Palmer (bass), Brian Bath (gitar) og Vic King (trommer).

1978–1979: The Kick Inside og Lionheart[endre | endre wikiteksten]

I august 1977 byrja Bush å spela inn sitt første album, The Kick Inside (1978).[14] To spor, «The Saxophone Song» og «The Man with the Child in His Eyes», kom frå demoane som ho allereie hadde spelt inn sommaren 1975.[24][25] Bush blei overtalt til å bruka etablerte studiomusikarar i staden for KT Bush Band. Ho fortsette å arbeida med nokre av desse også etter at ho tok bandmedlemmane sine tilbake.[26] Bror hennar Paddy spelte munnspel og mandolin, medan han på seinare album kom til å spela meir eksotiske instrument som balalaika og didgeridoo. Stuart Elliott spelte trommer på nokre av opptaka, og kom til å bli hovudtrommespelaren hennar på seinare album.[27]

The Kick Inside kom ut var Bush 19 år, men hadde skrive nokre av songane då ho var 13. EMI ville først ha det rockete sporet «James and the Cold Gun» som debutsingelen hennar, men Bush insisterte på å ha «Wuthering Heights». Allereie så tidleg i karrieren sin blei ho kjend for å vera bestemt på å ha innverknad på korleis verket hennar blei presentert.[14] «Wuthering Heights» blei ein internasjonal hit som nådde toppen av dei britiske og australske singellistene.[28] Han var den første og einaste førsteplassen hennar på den britiske singellista.[29] Den neste singelen, «The Man with the Child in His Eyes», nådde sjetteplassen.[30] Denne nådde også 85. plass på amerikanske Billboard Hot 100, og vann henne ein Ivor Novello-pris for «Outstanding British Lyric» i i 1979.[31]

Seint i 1978 overtalte plateselskapet Bush til å spela inn eit oppfølgjaralbum ganske raskt. Lionheart blei eit verk Bush seinare uttrykte misnøye med, fordi ho ville likt meir tid til å gjera det skikkeleg ferdig. Albumet blei produsert av Andrew Powell med innspel frå Bush. Sjølv om det hadde fleire hitsinglar, som «Wow», fekk det ikkje den same positive mottakinga som det første albumet hennar. Det nådde sjetteplassen på den britiske albumlista.[32] Bush var misnøgd med å bli tvinga til å laga det andre albumet sitt så raskt. Ho skipa sitt eige utgjevingsselskap, Kate Bush Music, og kontrollselskapet Novercia for å halda kontroll over verket sitt. Bush og medlemmar av familien hennar danna leiinga av selskapet.[14]

Etter at albumet kom ut kravde EMI at Bush skulle promotera det og turnera.[33] Turneen, seinare kjend som The Tour of Life,[34] byrja 2. april 1979 og varte i seks veker, til 13. mai. Førestillingane inkluderte magikaren Simon Drake, som var med på å utforma dei.[35] Typisk for Bush sitt ønske om å ha kreative kontroll var ho involvert i alle aspekta rundt produksjonen - koreografi, utforminga av kulissar og hyring av staben.[14] Konsertane hadde kompleks lyssetting, og Bush bytta kostyme 17 gonger, for å spela ulike roller frå songane sine.[3] Ho dansa medan ho song, og fekk lydteknikarane sine til å laga ein trådlaus mikrofon av ein radiomikrofon og ein metallkleshengjar.[1][36] Turneen var ein suksess, men var prega av dødsfallet til lysteknikaren Bill Duffield ved ei fallulukke. I tillegg var arbeidet utmattande for Bush, og ho lét vera å turnera i ei årrekkje.[3] Mange grunnar kan ha medverka til dette. Vanskane med å oppnå full kreativ har vore nemnd. Ei sterk redsle mot å flyga kan også ha hindra henne i å reisa rundt og turnera.[37] I tillegg gjekk dødsfallet til tjueeinårige Duffield, som fann stad under den første konserten hennar, ved Poole Arts Centre, sterkt inn på henne.[38] Bush heldt ein konsert i Hammersmith Odeon til støtte for familien hans den 12. mai 1979, saman med Peter Gabriel og Steve Harley. Ho tileigna seinare to songar til han, «Blow Away» på Never for Ever og «Moments of Pleasure» på The Red Shoes. Bush har sjølv sagt i eit intervju med Mark RadcliffeBBC Radio 2 at ho faktisk likte å turnera, men at produksjonen av dei seinare albuma tok opp all energien hennar.

Samtidig som ho turnerte, opptredde Bush også på fjernsyn i fleire land, som Top of the Pops i Storbritannia, Bios Bahnhof i Tyskland og Saturday Night Live i USA (med Paul Shaffer på piano).[39] 28. desember 1979 sende BBC TV ein Kate Bush Christmas Special. Programmet blei spelt inn i oktober 1979 ved BBC Studios i Birmingham med koreografi av Anthony Van Laast.[40] I tillegg til å spela songar frå dei to første albuma sine, spelte ho også julelåten «December Will Be Magic Again» og dei nye songane «Violin», «The Wedding List», «Ran Tan Waltz» og «Egypt». Peter Gabriel var med i programmet, der han framførte «Here Comes the Flood» og ein duett med Bush, Roy Harper sin «Another Day».[41]

1980–1984: Never for Ever og The Dreaming[endre | endre wikiteksten]

Bush er kjend for å ha brukt synthesizeren Fairlight CMI i mange verk.

Never for Ever kom ut i september 1980 og var Kate Bush sitt andre forsøk som produsent, etter at ho hadde vore med på å produsera EP-en Live on Stage frå turneen. Ho produserte albumet saman med Jon Kelly. Medan dei første to albuma hennar hadde hatt ein sameint stil på kvart spor, med orkesterarrangement bak livebandet, hadde Never for Ever ei rekkje ulike stilar. Sporet «Violin» hadde eit enkelt rockerrangement medan hitsingelen «Army Dreamers» var arrangert som ein vemodig vals. Dette albumet var det første der Bush brukte synthesiser og trommemaskin. Ho nytta særleg Fairlight CMI, som ho hadde fått erfaring med då ho spelte inn bakgrunnsvokal for Peter Gabriel sitt tredje soloalbum tidleg i 1980.[14]

Albumet var det første for Bush som nådde førsteplassen på den britiske albumlista, og gjorde henne til den første kvinnelege britiske artisten som oppnådde dette.[42] Ho var også den første kvinnelege artisten nokon sinne til å koma inn på lista på førsteplassen.[5] Den bestseljande singelen frå albumet var «Babooshka», som nådde femteplassen på den britiske singellista.[43] I november 1980 gav ho ut ein julesingel, «December Will Be Magic Again», som nådde 29. plassen på den britiske lista.

I 1982 var Bush med på den første veldedige konserten for The Prince's Trust, saman med artistar som Madness, Midge Ure, Phil Collins, Mick Karn og Pete Townshend.

I september 1982 gav Bush ut The Dreaming, det første albumet ho hadde produsert på eiga hand.[44] Bush fortsette å fortelja historier som femna vidt i songane sine. Tittelsporet «The Dreaming» handla om vanskane til australske urfolk, «Pull Out the Pin» bygde på ein dokumentar om Vietnamkrigen, medan «Houdini» tok for seg døden til magikaren Harry Houdini. I «There Goes a Tenner» henta ho inspirasjon frå gamle kriminalfilmar, medan «Get Out of My House» var inspirert av Stephen King-boka The Shining.[45]

På albumet eksperimenterte Bush med produksjonsteknikkar og ei rekkje ulike musikkstilar. The Dreaming fekk ei blanda mottaking i Storbritannia, der mange kritikarar var forvirra av dei tette lydbilda til Bush.[46] I eit intervju med bladet Q i 1993 sa Bush: «Det var mitt 'Ho er blitt galen'-album.»[a][14] Albumet blei likevel Bush sitt første til å koma inn på Billboard 200-lista i USA, der det nådde 157. plassen.[47] Albumet gjekk inn på den britiske albumlista på tredjeplassen,[48] men selde berre til sølv, og er blitt verande det minstseljande album hennar.[49]

«Sat in Your Lap» var den første singelen frå albumet. Han kom ut over eit år før albumet blei gjeve ut, og nådde 11. plassen på den britiske singellista.[50] Tittelsporet, der Rolf Harris og Percy Edwards var med, nådde 48. plass,[51] medan den tredje singelen, «There Goes a Tenner», nådde 93. plass.[52] «Suspended in Gaffa» blei gjeven ut som singel i Kontinental-Europa, men ikkje i Storbritannia.

1985–1988: Hounds of Love og The Whole Story[endre | endre wikiteksten]

Hounds of Love kom ut i 1985. Den høge kostnaden knytt til å leiga lydstudio til det føre albumet gjorde at Bush fekk laga eit privat studio nær heimen sin der ho kunne arbeida i sitt eige tempo.[53] Hounds of Love nådde toppen av den britiske albumlista, der det vippa Madonna sitt Like a Virgin frå førsteplassen.[54] Singelen «Running Up that Hill» nådde tredjeplassen på den britiske singellista. Han gjorde Bush kjend att for eit amerikansk publikum att, og nådde 30. plass på Billboard Hot 100 i november 1985.

Albumet nytta det at vinylplater og kassettar har to ulike sider, og er sett saman av to svært ulike delar. Førstesida, Hounds of Love, inneheld fem lett tilgjengelege popsongar, mellom dei fire singlar frå albumet: «Running Up that Hill», «Cloudbusting», «Hounds of Love» og «The Big Sky». Den andre sida, The Ninth Wave, henter namnet frå Tennyson-diktet «Idylls of the King», om den legendariske tida til kong Artur, og er set saman av sju samanbundne songar som danar eit kontinuerleg musikkstykke.[55]

For albumet blei Bush nominert til BRIT-prisane Best Female Solo Artist, Best Album, Best Single og Best Producer i 1986. Same året hadde ho ein hitt saman med Peter Gabriel med duetten «Don't Give Up».[56] EMI gav også ut eit album med dei største hittane hennar, The Whole Story. Til dette albumet spelt Bush inn eit nytt vokalspor og friska opp bakgrunnssporet til «Wuthering Heights», og spelte inn ein ny singel, «Experiment IV». I 1987 fekk ho BRIT-prisen for Best Female Solo Artist.

25. april 1986 tok Bush del i den britiske veldedige tilstellinga Comic Relief, der ho song «Do Bears... ?», ein humoristisk duett med Rowan Atkinson, og «Breathing». I mars 1987 song ho «Running Up That Hill» ved The Secret Policeman's Third Ball saman med David Gilmour. 28. juni 1987 opptredde ho med Peter Gabriel på «Don't Give Up» ved Earl's Court i London som del av So-turneen hans.

1989–1993: The Sensual World og The Red Shoes[endre | endre wikiteksten]

Også The Sensual World frå 1989 inneheldt songar med ei rekkje ulike inspirasjonar. Tittelsporet var inspirert av Molly Bloom i James Joyce sin roman Ulysses.[25] «Heads We're Dancing» handlar om ei kvinne som dansar med ein sjarmerande, ukjend mann i 1939, nokre dagar seinare finn ho ut at det var Hitler.[57] «This Woman's Work», som opphavleg var skriven for filmen She's Having a Baby (1988) og handlar om ein dramatisk fødsel frå faren sitt synspunkt. På fleire av spora song den bulgarske vokalgruppa Trio Bulgarka bakgrunnsvokal.

The Sensual World blei det bestseljande albumet til Bush i USA. Det selde til gull, med 500 000 eksemplar, i løpet av fire år etter utgjevinga. I Storbritannia nådde det andreplassen på albumlista.[58]

I 1990 spelte Bush i den svarte komedien Les Dogs, ein film produsert av The Comic Strip for BBC. Filmen blei vist 8. mars 1990. Bush hadde rolla som brura Angela ved eit bryllaup i eit post-apokalyptisk Storbritannia. Bush er for det meste taus tilstades i filmen, men har dialogar med Peter Richardson i to draumesekvensar. For ein annan Comic Strip Presents-film, GLC, produserte ho kjenningssongen «Ken», der ho også opptredde vokalt. Songen handla om Ken Livingstone, den dåverande leiaren av Greater London Council og seinare borgarmeisteren av London, som då arbeidde med musikarar for å vinna unge veljarar til Labour.[59]

I 1990 kom samleboksen This Woman's Work ut. Han omfatta alle dei tidlegare albuma til Bush med dei opphavlege omslaga sine, i tillegg til to CD-ar med alle B-sidene ho hadde spelt inn frå 1978 til 1990.

I 1991 gav Bush ut ein coverversjon av Elton John sin song «Rocket Man», med «Candle in the Wind» som B-side.[60] Singelen nådde 12. plassen på den britiske singellista,[61] og gjekk heilt opp til andreplassen i Australia. I 2007 blei han kåra til den beste coverversjonen nokon sinne av The Observer-lesarar.[62]

Bush gav ut sitt sjuande studioalbum, The Red Shoes, i november 1993. Dette albumet har fleire bidrag frå kjende personar enn dei tidlegare albuma hennar, som frå komponisten og dirigenten Michael Kamen, komikaren Lenny Henry og musikarane Prince, Eric Clapton, Gary Brooker frå Procol Harum, Trevor Whittaker og Jeff Beck. Som på det føre albumet bidrog også Trio Bulgarka på fleire spor.

Albumet gav Bush den høgaste posisjonen ho hadde fått på albumlista i USA, med ein 28. plass. Berre ein singel for albumet kom inn på den amerikanske singellista - «Rubberband Girl», som nådde 88. plass i januar 1994. I Storbritannia kom albumet på andreplassen, medan singlane «Rubberband Girl», «The Red Shoes», «Moments of Pleasure» og «And So Is Love» alle kom inn på topp 30.[50][63] I 1994 gav Bush ut ein kortfilm knytt til albumet, The Line, the Cross & the Curve. Bush skreiv, regisserte og spelte i filmen, saman med Miranda Richardson.[64] Han bygde på konseptet i The Red Shoes og inneheldt seks songar frå albumet.

Bush hadde planlagd å turnera med The Red Shoes, men dette blei ikkje noko av. Ho produserte likevel eit live-vennleg album med mindre studioproduksjon enn ho hadde gjort med dei føre tre albuma, noko som ville ha vore vanskeleg å gjenskapa på konsertar.[65] Resultatet møtte delte reaksjonar blant fansen hennar, der mange hadde likt dei intrikate tidlegare komposisjonane hennar.[66]

Albumet inneheldt songen «Moments of Pleasure», som blei skriven for folk som stod henne nær og som ho hadde mista eller som var i ferd med å mista. To nære venner, mellom dei gitaristen Alan Murphy, som hadde arbeidd med henne sidan The Tour of Life i 1979, hadde døydd av HIV/AIDS, medan mora Hannah døydde av kreft i 1992.[67] Mora var framleis i live då Bush skreiv songen, og fekk høyra han før ho døydde.[68]

1994–2010: Aerial[endre | endre wikiteksten]

Etter The Red Shoes forsvann Kate Bush frå rampelyset i ei god stund, og det gjekk tolv år før ho gav ut sitt neste album. Ho opplevde store endringar i privatlivet, som tapet av mora, slutten på eit femten år langt forhold med Del Palmer og utviklinga av eit nytt med Danny McIntosh, som ho gifta seg med, og fekk ein son, Albert eller Bertie, i 1998. Ho jobba mykje for å verna privatlivet og særleg sonen sin frå media.[67]

Songen hennar «The Sensual World» hadde ein viktig plass i filmen Felicia's Journey (1999) regissert av Atom Egoyan.[69]

I 2001 blei Bush tildelt ein Q-pris som Classic Songwriter.[70] I 2002 vann ho ein Ivor Novello-pris for Outstanding Contribution to Music, og framførte «Comfortably Numb» ved David Gilmour sin konsert i Royal Festival Hall i London.

I november 2005 gav Kate Bush ut sitt åttande studioalbum, Aerial, på dobbel-CD og vinyl.[42] Som Hounds of Love er albumet sett saman av to delar med kvar sitt format. Den første plata, A Sea of Honey, inneheld ei rekkje songar med ulike tema, som «King of the Mountain»; «Bertie», «Joanni», basert på soga om Jeanne d'Arc, og «», der Bush syng 117 desimalar av talet pi.[71] Den andre plata, A Sky of Honey, inneheld eit kontinuerleg musikkstykke som tek for seg kjensla av å vera utandørs ein sommardag etter å ha vakna ved daggry, og fortsett gjennom morgon, ettermiddag, kvelden og natta tilbake til daggry neste dag.

Alle stykka i dette verket viser til hav eller himmel i tekstane sine. Bush miksa si eiga stemme og kurringa frå ringduer i setningane «A sea of honey, a sky of honey» og «You're full of beauty» og repterte dei gjennom verket. Ho nytta også opptak av fuglesong. Rolf Harris speler didgeridoo på eit av spora, og syng i «The Painter's Link». Andre artistar som opptrer på albumet er Peter Erskine, Eberhard Weber, Lol Creme og Gary Brooker. To spor nyttar strykararrangement av Michael Kamen som blir framført av London Metropolitan Orchestra.

Den første singelen frå albumet var «King of the Mountain».[72] CD-singelen hadde ein coverversjon av Marvin Gaye sin song «Sexual Healing» som B-side.[73] «King of the Mountain» gjekk inn på UK Downloads Chart på sjetteplassen den 17. oktober 2005,[74] og hadde 30. oktober blitt til Bush sin tredje høgast plasserte singel på den britiske topplista, med fjerdeplassen som toppunkt. Aerial gjekk inn på den britiske albumlista på tredjeplassen,[75] og på den amerikanske lista på 48. plass.[76] Bush valde å gjera lite promoteringsarbeid for albumet, og stilte berre opp til ein handful magasin- og radiointervju. Aerial gav Bush to nominasjonar ved BRIT-prisen 2006, for Best British Female Solo Artist and Best British Album.[77]

I 2007 skreiv og spelte Bush inn songen «Lyra» til filmen The Golden Compass.[78] Songen blei brukt i filmavsluttinga, og nådde 187. plassen på UK Singles Chart[79] Han blei nominert til International Press Academy sin Satellite-pris for original song til ein film.[80][81] Ifølgje Del Palmer blei Bush gjeven svært kort tid til å skriva songen, og heile prosjektet blei fullført på 10 dagar.[82] Songen blei spelt inn og produsert av Bush i hennar eige studio, og nytter stemmer frå koret til Magdalen College i Oxford.

«The Man with the Child in His Eyes» blei brukt som fillmusikk til den britiske romantiske komedien Starter for 10 frå 2007.[83]

2011: Director's Cut og 50 Words for Snow[endre | endre wikiteksten]

I mai 2011 gav Bush ut albumet album, Director's Cut, som inneheldt omarbeidde spor frå tidlegare album. Bush har omtalt det som eit heilt nytt prosjekt, ikkje berre remiksar. Albumet var det første på Bush sitt nye platemerke, Fish People, som er ein del av EMI Records.

Alle spora er tekne opp med nye vokalspor, nye trommer og omarbeidd instrumentering. Nokre av dei er transponerte til ein lågare toneart for å passa den djupare stemma til ein eldre songar. Tre av songane, blant anna «This Woman's Work», er fullstendig nyinnspelte, nokre stader med endra tekst.[84]

Songen «The Sensual World» fekk eit nytt namn, «Flower of the Mountain», og inneheldt no tekst frå Molly Bloom sin monolog frå Ulysses. Bush hadde opphavleg skrive songen til denne teksten, men fekk ikkje løyve frå opphavsrettshaldarane etter James Joyce til å bruka han. Då ho spurde opp att i samband med det nye prosjektet fekk ho løyve til å bruka teksten.[85]

I tillegg til den enkle CD-en Director's Cut gav Bush også ut albumet som del av ein samleboks saman med The Sensual World og det analogt remastra The Red Shoes. Albumet gjekk inn på andreplassen på den britiske albumlista.[86]

Den første singelen frå albumet var «Deeper Understanding», med eit nytt refreng som inneheld datahandsama vokal frå sonen til Bush, Bertie. Bush gav ut ein sjølvregissert video til songen på YouTube-kanalen sin. Videoen viser Robbie Coltrane som ein mann eten opp av tilhøvet til datamaskinen sin. Frances Barber speler kona hans, og Noel Fielding opptrer også i videoen.

Det neste studioalbumet til Bush, 50 Words for Snow, kom ut 21. november 2011. Albumet inneheld 11 spor som alle krinsar rundt temaet snø.[87][88] Hovudinstrumenta er Bush sitt pianospel og tromminga til Steve Gadd, medan både ord og tale blir brukt i låtane.

Bassisten Danny Thompson opptrer på album, sonen til Bush, Bertie, Elton John og Stephen Fry opptrer også på albumet. Den første songen, «Snowflake», var skriven spesielt for å passa til den no tolv år gamle Bertie sin gutesopran.[89] Denne songen glir over til neste song, "Lake Tahoe", der Bush og korsongaren Stefan Roberts syng om eit sjeldsynt skrømt - ei kvinne i viktorianske klede som roper på hunden sin, Snowflake. I «Snowed in at Wheeler Street» syng Bush ein duett med Elton John som eit evig fråskilt par. I «50 Words for Snow» les Stephen Fry opp ei rekkje reelle og oppdikta ord og uttryk for snø.[90]

Den første singelen, «Wild Man», blei spelt på BBC Radio 2 10. oktober.[91] og blei gjeven ut for digital nedlasting dagen etter.[92] Heile albumet blei spelt på First Listen på amerikanske NPR den 14. november 2011.[93] I Australia utropte ABC Radio National 50 Words for Snow til vekas album frå 12. november 2011.[94]

50 Words for Snow fekk stort sett gode meldingar frå kritikarar. Metacritic, som gjev ein gjennomsnittleg skår basert på meldingar frå ulike nyheitskjelder, gav ein skår på 88 av 100, ut frå 26 meldingar.[95] Bush blei nominert til ein BRIT-pris i kategorien Best Female Artist,[96] og albumet vann Best Album ved South Bank Arts Awards 2012.[97] Det var også nominert som Best Album ved Ivor Novello-prisen.[98]

2012–no: Before The Dawn[endre | endre wikiteksten]

Hammersmith Apollo, der bilettar til Before The Dawn blei utselde på 15 minutt.
Kate Bush opptrer ved Hammersmith Apollo i 2014.

Bush takka nei til å opptre ved avsluttingsseremonien til Sommar-OL 2012 i London. I staden blei ein ny remiks av «Running Up that Hill» spelt ved slutten av seremonien.[99] Bush gav ut ei utgåve av remiksen i avgrensa opplag til Record Store Day 20. april 2013. Dette året blei Bush også den første (og så langt einaste) kvinnelege artisten til å ha album i den britiske topp fem-lista i fem tiår på rad.[100]

I mars 2014 gjorde Bush det kjend at ho kom til å ha sine første live-konsertar på fleire tiår: Ei rad på 22 konsertar ved Hammersmith Apollo i London frå 26. august til 1. oktober i ein turne kalla Before the Dawn.[101] Billettane til konsertane selde ut i løpet av eit kvarter etter at dei blei lagt ut for sal. Konsertane fekk positive meldingar i media.[102]

Bush spelte mesteparten av Hounds of Love, det meste av Aerial, to songar frå The Red Shoes og ein song frå 50 Words for Snow.[103] Dei første fire albuma hennar og The Sensual World var ikkje inkluderte.[104]

Merksemda rundt konsertane førte til ein auke i albumsal, og i august 2014 blei Kate Bush den første kvinnelege artisten til å ha åtte album på den britiske topp 40-lista samstundes. Ho blei også nummer tre i talet på album på denne lista samstundes, etter Elvis Presley med 12 album i 1977 og The Beatles med 11 album 2009. I januar 2016, like etter at han døydde, gjekk også David Bowie inn på denne lista med 12.[105]

I november 2014 fekk Bush ein Editor's Award ved den årlege Evening Standard Theatre Awards for sitt teatralsk utforma comeback.[106] 25. november 2016 gav ho ut eit tre plater langt album med opptak frå konsertane.[107]

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Kate Bush har invitert ei rekkje artistar til å vera med på sine eigne album, mellom anna Elton John, Eric Clapton, Jeff Beck, David Gilmour, Nigel Kennedy, Gary Brooker, Danny Thompson og Prince.

Bush song på to av Peter Gabriel sine album, mellom anna på hittane «Games Without Frontiers» og «Don't Give Up», og på «No Self-Control». Gabriel tok del i Bush sitt fjersnsynsprogram frå 1979 der dei song Roy Harper sin «Another Day» saman. Ho har også sunge på to Roy Harper-spor, «You» frå albumet The Unknown Soldier (1979) og «Once», tittelsporet til albumet hans frå 1990. Ho song også på tittelsporet til Big Country sitt album The Seer frå 1986, på Midge Ure sin song «Sister and Brother» frå albumet hans Answers to Nothing frå 1988, på Go West sin singel «The King Is Dead» frå 1987, og på to songar med Prince – «Why Should I Love You?», frå hennar eige album The Red Shoes, og «My Computer» frå Prince sitt album Emancipation frå 1996.

I 1990 produserte Bush songen «Kimiad» for Alan Stivell, som tidlegare hadde teke del i innspelinga av The Sensual World. Dette er den einaste gongen ho har produsert ein song for ein annan artist. Ho takka nei til eit spørsmål frå Erasure om å produsera eit av deira album fordi ho meinte det låg utanfor hennar område.[108]

I 1987 song Bush eit vers på den veldedige coverversjonen av Beatles-songen «Let It Be» av Ferry Aid. Ho song også ei linje på den veldedige singelen «Spirit of the Forest» av Spirit of the Forest i 1989. I 1991 blei Kate Bush beden om å bidra med ein coverversjon av Elton John sin song Rocket Man frå 1972 til tributtalbumet Two Rooms: Celebrating the Songs of Elton John & Bernie Taupin. I 2011 samarbeida Elton John med Bush på «Snowed in at Wheeler Street» til albumet hennar 50 Words for Snow. I 1994 song Bush George Gershwin-songen «The Man I Love» til tributtalbumet The Glory of Gershwin. I 1996 spelte ho inn ein versjon av den irske songen «Mná na hÉireann» ('Kvinner av Irland') til det anglo-irske folk-rock-prosjektet Common Ground: The Voices of Modern Irish Music. Sidan Bush ikkje kunne irsk, lærte ho seg dei irske orda i songen fonetisk.[109]

Stil og påverknadar[endre | endre wikiteksten]

Musikkstil[endre | endre wikiteksten]

Bush er kjend for å ha brukt synthesizeren Fairlight CMI i mange verk.

Bush er kjend for ein eklektisk musikkstil som har mange ulike påverknadar og blandar svært ulike stilar, ofte gjennom ein enkeltsong eller i løpet av eit album.[1] Også i dei eldste songane sine, der piano var hovudinstrument, vov ho saman ulike musikkstilar frå klassisk musikk, glamrock,[110] og ulike typar folkemusikk. Dette har fortsett gjennom karrieren hennar. Då ho laga Never for Ever hadde Bush byrja å bruka synthesizeren Fairlight CMI ein god del. Synthesizeren lét henne sampla og omforma lydar, og utvida dermed lydpaletten sin.[14] Ho er blitt samanlikna med andre kunstnariske eller arty britiske pop-rock-artistar frå 1970- og 1980-talet, som Roxy Music og Peter Gabriel.[111]

Bush har ei sopranstemme som går over fire oktavar.[112][113] Ho nytter stemma som eit instrument, med høge tonar og guttural kviskring.[114] Ho syng svært ofte sin eigen bakgrunnsvokal ved å synga i ulike tonehøgder.[113]

Tekstar og inspirasjonar[endre | endre wikiteksten]

Bush har omtalt seg sjølv som ein forteljar som presenterer ulike personar og soger i songane sine, som ho har kalla noveller (short stories).[25]

Mange av songane hennar er inspirerte av historiske, litterære eller filmatiske kjelder. Den første singelen hennar «Wuthering Heights» byggjer til dømes på Emily Brontë sin roman Wuthering Heights, eller Stormfulle høyder på norsk. «The Kick Inside» byggjer på den engelske folkesongen «The Ballad of Lucy Wan», om eit svangerskap som følgje av incest som fører til sjølvmord.[115] «The Infant Kiss» var inspirert av Jack Clayton sin film The Innocents (1961), som igjen var basert på Henry James sin kortroman The Turn of the Screw.[116][117]

Som songar tek Bush på seg ei rekkje ulike roller: «Breathing» er fortald frå synspunktet til eit foster i mora sitt liv som engstar seg for radioaktivt nedfall og som pustar inn nikotin frå mora.[118] «Army Dreamers» blir sungen av ei mor som har mista sonen i ei ulukke i militæret.[119] I «Cloudbusting» tek ho stemma til Peter Reich som fortel om tilhøvet til faren sin, filosofen og psykologen Wilhelm Reich, som ung. Songen var inspirert av Peter Reich sitt memoar A Book of Dreams.[120]

Bush er ofte inspirert av horror, ofte kombinert med humor slik at dei ofte uttrykker svart humor. «Coffee Homeground» handlar om (mistanken om) giftmord, «Ran Tan Waltz» om ei alkoholisert mor medan den lystige «The Wedding List» var inspirert av François Truffaut sin film La Mariée était en noir frå 1967 (etter ei bok av Cornell Woolrich, The Bride Wore Black) om ei kvinne som hemner drapet på ektemannen sin på bryllaupsdagen deira.[121] «Hounds of Love» samplar ei linje frå horrorfilmen Night of the Demon frå 1957.[122]

Bush har sjølv nemnd komedie som ein viktig påverknad. Ho har omtalt Woody Allen,[123] Monty Python, Fawlty Towers og The Young Ones[124] som særlege favorittar.

Påverknad på andre musikarar[endre | endre wikiteksten]

Ei rekkje artistar har nemnd Bush som inspirasjon, mellom dei Regina Spektor,[125] Tori Amos,[126] Ellie Goulding,[127] Charli XCX,[128] Tegan and Sara,[129] k.d. lang,[130] Paula Cole,[131] Kate Nash,[132] Bat for Lashes,[133] Erasure,[134] Alison Goldfrapp frå Goldfrapp,[135] Tim Bowness of No-Man,[136] Chris Braide,[137] Kyros,[138] Aisles,[139] Darren Hayes[140] og Grimes.[141] Nerina Pallot blei inspirert til å skriva songar etter å ha sett Bush spela «This Woman's Work» på Wogan på fjernsynet.[142] Coldplay hadde inspirasjon frå «Running Up That Hill» då dei skreiv hitsongen sin «Speed of Sound».[143]

Andre artistar som ikkje har nemnd Bush som ein direkte inspirasjon, men uttrykt beundring for verket hennar, er mellom anna Annie Lennox,[144] Björk,[145] Florence Welch[146] frå Florence + The Machine,[147] Little Boots,[148] Elizabeth Fraser frå Cocteau Twins,[149] Dido,[150] Sky Ferreira,[151] St. Vincent,[152] Lily Allen,[153] Anohni frå Antony and the Johnsons,[154] Big Boi frå OutKast,[155] Tupac Shakur,[156] Stevie Nicks,[157] Steven Wilson,[158] Steve Rothery frå Marillion,[159], André Matos[160] og Courtney Love frå Hole.[161]

Andre store tilhengarar er Tricky, som i ein artikkel om The Kick Inside skreiv: «Musikken hennar har alltid høyrd ut som draumeland for meg... Eg trur ikkje på Gud, men om eg gjorde, ville musikken hennar vore min bibel.»[b][162] Frontmannen frå Suede, Brett Anderson, har nemnd Hounds Of Love som ein favoritt og sagt: «Det er eit fantastisk album å høyra på seint om natta, urovekkande og verkeleg skakande.»[c][163] John Lydon, betre kjend som Johnny Rotten frå Sex Pistols, har omtalt verket hennar som ein «utruleg venleik».[d][153] I desember 1989 valde Robert Smith frå The Cure ut «The Sensual World» som sin favorittsingel frå det året, The Sensual World som sitt favorittalbum og lista opp «alt av Kate Bush» på lista si over «dei beste tinga med åttitalet».[164]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. «That was my 'She's gone mad' album.»
  2. «Her music has always sounded like dreamland to me.... I don't believe in God, but if I did, her music would be my bible»
  3. «I love the way it's a record of two halves, and the second half is a concept record about fear of drowning. It's an amazing record to listen to really late at night, unsettling and really jarring»
  4. «beauty beyond belief»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Eder, Bruce. «allmusic ((( Kate Bush > Biography )))». Allmusic. Henta 26. oktober 2012. 
  2. Moy, Ron (2006). «Kate Bush and mythologies of Englishness». Popular Musicology Online. Henta 26. oktober 2012. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Graeme Thomson (13. mai 2010). «Kate Bush's only tour: pop concert or disappearing act?». The Guardian. «She initially made her mark as a visually unique performer» 
  4. "Kate Bush". NE.se. Henta 5. september 2014.
  5. 5,0 5,1 «Kate Bush – Never For Ever». Liste Stats. Arkivert frå originalen 2012-07-28. Henta 26. oktober 2012. 
  6. «BBC News – New Year Honours 2013: At a glance». BBC Online. 29. desember 2012. 
  7. France, Lisa Respers (5. oktober 2017). «Rock and Roll Hall of Fame 2018 nominees announced» (Press release). http://edition.cnn.com/2017/10/05/entertainment/rock-hall-fame-2018-nominees/index.html. Henta 6. oktober 2017. 
  8. Graeme Thomson (2012). Under the Ivy. Omnibus Press. ISBN 978-1-78038-146-6. 
  9. Sweeting, Adam (2. oktober 2005). «Kate Bush: Return of the recluse». The Independent (London). 
  10. «Kate Bush @ Paradise Place – Q interview.». Q. 2. september 1999. 
  11. «Kate Bush». Salon.com. Arkivert frå originalen 8. august 2007. 
  12. David Young (2. desember 1978). «Haunting Kate Bush». NZ Listener. Gaffaweb. 
  13. «Kate Bush Biography». AllMusic. 
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 14,5 14,6 14,7 14,8 Gaar, Gillian (1993). She's a Rebel. 
  15. Hazard, Dave (2007). Born Fighter. London: John Blake Publishing. s. 114. ISBN 978-1-84454-480-6. 
  16. Cowley, Jason (7. februar 2005). «The Wow Factor». New Statesman. 
  17. Sheila Rogers (8. februar 1990). «The Sensual Woman». Rolling Stone. s. 21–2. 
  18. «The Rightful Heir?». Q (48). september 1990. 
  19. Kruse, Holly (november 2000). «Kate Bush: Enigmatic chanteuse as pop pioneer». Soundscapes.info, Online Journal on Media Culture 3. ISSN 1567-7745. , opphavleg gjeve ut i «Tracking: Popular Music Studies» 1 (1). 1988. 
  20. «Kate Bush». EMI. Arkivert frå originalen 26. februar 2012. 
  21. «Today's Style And Looks». Face & Figure. 1979. 
  22. Adam Darius (1984). «The Adam Darius Method». Latonia. s. 236–240. ISBN 0-9502707-2-5. Arkivert frå originalen 3. september 2009. 
  23. «Demos: The Phoenix recordings». Last.fm. 
  24. Kate Bush – The Man With the Child in His Eyes (på engelsk), henta 2018-02-06 
  25. 25,0 25,1 25,2 «Kate Bush's dream world». The Daily Telegraph. 26. november 1989. 
  26. «Kate Bush Biography». LyricSystem.com. 
  27. Lyrics booklets from Kate Bush's albums. EMI. 
  28. «Kate Bush in the UK singles charts». The Official Charts. Arkivert frå originalen 1. januar 2011. 
  29. Barkham, Patrick (30. september 2005). «Guardian profile: Kate Bush». The Guardian (London). 
  30. «The Man with the Child in His Eyes». Songfacts.com. 
  31. «Awards Database». The Envelope. 
  32. The Whole Story album lyrics booklet. EMI. 1986. 
  33. «Stand By Your Mantra». Classic Rock. 2004. 
  34. «Kate Bush Encyclopedia». s. Tour of Life. 
  35. «Simon Drake – The Illusionist». magicweek.co.uk. 2000. 
  36. Badhorn, Philippe (februar 2006). «Interview in Rolling Stone (France)». Rolling Stone. 
  37. Littlejohn, Maureen (March 1990). «The Sensual Woman». Network. 
  38. «Why did Kate Bush never tour after 1979?». BBC News. 21. mars 2014. 
  39. Gambaccini, Paul (24. november 1993). «Kate Bush Smiles in Her New Red Shoes». New York Press. 
  40. «"Kate Bush Christmas Special" : Cast and Crew». IMDb.com. 
  41. «Kate Bush – BBC Christmas Special 1979». Gaffa.org. 
  42. 42,0 42,1 Williamson, Nigel (2 October 2005). «The Mighty Bush». Scotland on Sunday. 
  43. «Kate Bush». UnderGroundOnline. Arkivert frå originalen 16. juni2011. 
  44. «Something from Kate, at last». The Age (Australia). 8. oktober 2005. 
  45. Simper, Paul (16. oktober 1982). «Dreamtime Is Over». Melody Maker. 
  46. Smash Hits magazine, reviews of The Dreaming (September 1982)
  47. «Kate Bush The Dreaming Chart History». Billboard. Henta 2018-03-18. 
  48. «the dreaming | full Official Chart History | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 2018-03-04. 
  49. «British album certifications – Kate Bush – The Dreaming». British Phonographic Industry (Enter The Dreaming in the search field and then press Enter.). Henta 2018-03-03. 
  50. 50,0 50,1 «Kate Bush». TheOfficialCharts.com. Arkivert frå originalen 1. januar 2011. 
  51. «the dreaming | full Official Chart History | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 2018-03-18. 
  52. UK singles chart peak for "There Goes a Tenner": «UK Mix forums > Chart Histories page 78». ukmix.org. Henta 27. august 2015. 
  53. Ellen, Barbara (2. oktober 2005). «Comeback Kate». The Observer (London). 
  54. Fitzgerald Morris, Peter (1997). Hounds of Love lyrics booklet. EMI. 
  55. «Kate Bush radio interview». Rock Over London with Paul Cooke. 1985. 
  56. «Peter Gabriel: 'Kate Bush replaced Dolly Parton on "Don't Give Up"' NME 19 September 2011». NME. 19. september 2011. 
  57. «Heads We're Dancing». Kate Bush Encyclopedia. Henta 12. april 2018. 
  58. «Kate Bush Biography». Starpulse.com. Arkivert frå originalen 26. september 2007. 
  59. «Ken Livingstone Interviewed: Boris, The Other Boris, Music, Politics & London». The Quietus. 
  60. Strong, Martin (1994). The Great Rock Discography. Canongate Books. s. 218. ISBN 1-84195-615-5. 
  61. «UK Top 40 Hit Database». EveryHit.com. 
  62. «The top 50 greatest covers as voted by you». The Observer (London). 
  63. «Back On Stage After 12 Years». Softpedia.com. Arkivert frå originalen 10. september 2014. 
  64. «The Line, The Cross & The Curve». Amazon.co.uk. 
  65. «Well red». Future Music. November 1993. 
  66. Gettelman, Parry (1993). «The Red Shoes review». The Orlando Sentinel. 
  67. 67,0 67,1 «Kate Bush Is Back: Why She’s As Captivating As Ever». Marie Claire. 2. august 2016. 
  68. «Intervju med Ken Bruce på Radio 2, 9. mai 2011». BBC Radio 2. 
  69. «Soundtracks for Felicia's Journey». IMDb.com. 
  70. «Kate Bush earns two Q Award nods». BBC News (på engelsk). 2014-09-09. Henta 2018-03-11. 
  71. Thompson, Ben (5. november 2006). «Ben Thompson reviews an album of two halves». The Sunday Telegraph. 
  72. McKenna, Stephen (2. september 2005). «Kate Bush back on form with first single in 12 years». icScotland.com. Arkivert frå originalen 18. april 2012. 
  73. «allmusic(((King of the Mountain > Overview )))». AllMusic. 
  74. «Official UK Download Chart Book» (PDF). DigitalStar.org.uk. Arkivert frå originalen (PDF) 6. januar 2007. 
  75. «Operatic act beat Bush to the top». BBC News. 13 November 2005. 
  76. «50 Cent Gets A Billboard Beating From Zellweger's Ex». MTV. 16. november 2005. 
  77. «Kate Bush – Brits Profile». Brit Awards. Arkivert frå originalen 9 October 2014. 
  78. «The Golden Compass [Original Motion Picture Soundtrack] – Alexandre Desplat | Credits». AllMusic. 4. desember 2007. 
  79. «Chart Log UK: Darren B – David Byrne». Zobbel.de. 
  80. Silberman, Stacey (30. november 2007). «Tis the Awards Season: Lots of Green & "Golden" Loving Stars». Hollywood Today. Arkivert frå originalen 12. mars 2008. 
  81. «Awards for The Golden Compass : Satellite Awards». IMDb.com. 
  82. Palmer, Del. «Lyra». DelPalmer.com. 
  83. «Starter For Ten Soundtrack CD». CD Universe. 13 February 2007. 
  84. «BBC iPlayer – Front Row: Kate Bush in a rare interview; and John Cleese reviewed». BBC Radio 4. 4. mai 2011. 
  85. Sean Michaels. «Kate Bush reveals guest lyricist on new album – James Joyce | Culture». The Guardian. 
  86. «Pitbull Tops U.K. Singles Chart; Kate Bush Album Debuts At No. 2». Billboard. 23. mai 2011. 
  87. Perpetua, Matthew (12. september 2011). «Kate Bush: First New Album in Six Years». Rolling Stone. 
  88. «News». Kate Bush. 
  89. «Bush tells Jamie Cullum "Snowflake" was written for her son». Avro.nl. Henta 3. april 2015. 
  90. Greg Kot Music critic (18 November 2011). «Chicago Tribune review of 50 Words for Snow». Chicago Tribune. 
  91. «Review of "Wild Man"». NME. 10. oktober 2011. 
  92. «Fish People». Katebush.com. 
  93. Powers, Ann. «NPR music critic Ann Powers reviews "50 Words for Snow"». Npr.org. 
  94. «Album of the week: Kate Bush». Australian Broadcasting Corporation. 14. november 2011. 
  95. «50 Words for Snow Reviews, Ratings, Credits, and More at Metacritic». Metacritic.com. 
  96. «Brit Awards nominations: Kate Bush vs Adele for best female». The Daily Telegraph. 
  97. Dex, Robert (1 May 2012). «Kate Bush scoops South Bank award». The Independent (London). 
  98. «BBC News – All-female shortlist is a first for Ivor Novello awards». BBC News. 17. april 2012. 
  99. Sabbagh, Dan (13. august 2012). «David Bowie Among UK Stars Who Turned Down Olympic Closing Show». The Guardian. Arkivert frå originalen den 29. september 2016. Henta 29. september 2016. 
  100. «Kate Bush CBE will put medal 'on top of Christmas tree'». The Daily Telegraph. 10. april 2013. 
  101. «Kate Bush Announces First Live Shows Since 1979». The Guardian. 21. mars 2014. Arkivert frå originalen den 21. mars 2014. Henta 29. september 2016. 
  102. Masters, Tim (27. august 2014). «Kate Bush: Before the Dawn – A First Look». BBC News. Arkivert frå originalen den 27 August 2014. Henta 29. september 2014. 
  103. Alex Young. «Kate Bush's first concert in 35 years: setlist + photos». Consequence of Sound. Henta 26. august 2014. 
  104. Tim Masters. «Kate Bush comeback greeted with huge cheers». BBC. Henta 26. august 2014. 
  105. Myers, Justin (29. januar 2016). «David Bowie matches Elvis Presley's Official Albums Chart record». Officialcharts.com. Henta 2 December 2016. 
  106. «Stars honoured at 2014 London Evening Standard Theatre Awards». Henta 12. april 2018. 
  107. Saunders, Tristram Fane (29 September 2016). «Kate Bush to Release Before the Dawn Triple-Album in November». The Daily Telegraph. Arkivert frå originalen den 29. september 2016. Henta 29. september 2016. 
  108. «Erasure & Kate Bush: The Lost Collaboration». The Quietus. 4. mars 2009. 
  109. «Mna Na h-Éireann». Hot Press. 29. mai 1996. 
  110. Simon Reynolds (21. august 2014). «Kate Bush, the queen of art-pop who defied her critics». The Guardian. 
  111. Ray, Michael (2012). Disco, Punk, New Wave, Heavy Metal, and More: Music in the 1970s and 1980s. Rosen Education Service. s. 107. ISBN 978-1-61530-908-5. 'Arty' 1970s and '80s British pop rock artists such as Roxy Music, Peter Gabriel, and Kate Bush... 
  112. «Kate Bush: B2 – F6». The Range Place. Henta 13. april 2018. 
  113. 113,0 113,1 Zoey Peresman (16. februar 2018). «The Kick Inside At 40: How Kate Bush Let The Weirdness In And Changed Music Forever». 
  114. Simon Frith; Andrew Goodwin (2006). «On Record: Rock, Pop and the Written Word». s. 389. 
  115. Colin Irwin (november 1989). «Iron Maiden». Q. 
  116. «Kate Bush interview». Q. 1990. 
  117. «Top 100 Greatest Gayest albums 81–90». Out. 
  118. «Breathing». Kate Bush Encyclopedia. Henta 13. april 2018. 
  119. «Army Dreamers». Kate Bush Encyclopedia. Henta 12. april 2018. 
  120. «Kate Bush - DREAMING - A. The Albums - Hounds Of Love - The Songs - "Cloudbusting" Pt. 2». Gaffaweb. 
  121. Irwin, Colin (10. oktober 1980). «Paranoia and Passion of the Kate Inside». Melody Maker. 
  122. Sutcliffe, Phil (juni 1991). «Hounds of Love Sleeve Notes». Q. 
  123. Brown, Len (7 October 1989). «In the Realm of the Senses». New Musical Express. 
  124. «Little Miss Can't Be Wrong». Q. desember 1993. 
  125. Aidin Vaziri (25. oktober 2009). «A guide to Regina Spektor's album 'Far'». San Francisco Chronicle. Henta 3 November 2017. 
  126. Doyle, Tom (mai 1998). «Ready, Steady... Kook!». Q. Arkivert frå originalen den 18. desember 2016. Henta 18. desember 2016 – via Yessaid.com. 'When I first heard her, I went, Wow, she does things that I've never heard anybody do, much less me. But I could hear a resonance in the voice where you'd think we were distantly related or something.' 
  127. Kathy Iandoli (12. september 2014). «Exclusive: Ellie Goulding Talks Subliminal Songs – ‘People Shouldn’t Believe What They’ve Been Hearing’». Vibe. Henta 24. januar 2017. 
  128. Selby, Jenn (25 April 2013). «Introducing… Charli XCX». glamourmagazine. Henta 21. mars 2016. 
  129. Erin Lyndal Martin (18. februar 2013). «Shock To Your System: Tegan Of Tegan & Sara Interviewed». The Quietus. Henta 16. mars 2016. 
  130. «kd lang in the end». The Independent. 17 June 2011. Henta 2. januar 2017. 
  131. Paula Cole's speech at the 1998's Grammy Awards. 12. august 2010. 
  132. David Apple & Dedee W. «Kate Nash Interview». House of Tracks TV. Arkivert frå originalen 19. august 2014. 
  133. Michelson, Noah (6. september 2009). «Bat for Lashes Redux». Out. 
  134. «Blondie, Kate Bush and Siouxsie & The Banshees: Andy Bell's favourite albums». The Express. 18. juli 2014. Henta 20. januar 2017. 
  135. Hodgkinson, Will (18. juli 2003). «Cherry picked». The Guardian. Henta 20 January 2017. 
  136. Dostert, Mike (3 July 2014). «TIM BOWNESS». Terrorverlag.com. Henta 4. februar 2017. 
  137. McAfee, Patrick (6. november 2015). «Chris Braide – Downes Braide Association». The Dutch Progressive Rock Page. Henta 16 February 2017. Kate Bush being one of my biggest musical influences is one of the greatest artists in that genre [...] 
  138. «Interview: Kyros talk latest single». OriginalRock.net. 17. oktober 2016. Henta 16. februar 2017. 
  139. «GERMAN VERGARA from AISLES (Chile)». Justincaseradio.com. Henta 16. februar 2017. 
  140. «Savage Garden's Darren Hayes on Behind-The-Scenes Reactions to His Coming Out, Admiring Michael Jackson & Adam Lambert». Billboard. Henta 20 June 2017. 
  141. «Grimes interview at Lollapalooza 2016». 
  142. Sawer, Patrick (4. april 2010). «Nerina Pallot: Cowell, Minogue and me». The Daily Telegraph. Henta 20. januar 2017. 
  143. «Coldplay talk about Kate Bush inspiring Speed of Sound [TV live show interview with Coldplay]». Tudou.com. mai 2005. 
  144. Annie Lennox's speech at the 1986 BPI [TV interview]
  145. the feminine issue: Kate Bush by Bjork. i-D (issue 252). mars 2005. I think what is really underrated is the production. I think it's really original and really feminine. [...] She created her own look and she produced her own sound. 
  146. Pay, Amy (16. desember 2008). «TLOBF Interview: Florence and the Machine». The Line of Best Fit. Arkivert frå originalen den 24. januar 2017. Henta 20. januar 2017. Q: 'Do you have any favourite female artists?' A: 'Diane Cluck, Grace Slick, Kate Bush and Sandy Denny.' 
  147. Gannon, Louise (14. august 2010). «The World According to Florence Welch». Daily Mail. Arkivert frå originalen den 10. september 2012. Henta 20. januar 2017. I'm lucky that there seems to be a massive revival in female performers. My icons were always women like Kate Bush, Stevie Nicks and Siouxsie Sioux. Who wouldn't be proud to carry on that tradition?' 
  148. «Interview: Little Boots». M. 26. juni 2014. 
  149. «Cocteau twins | the band | Elizabeth Fraser». Cocteau Twins. 2017. Henta 3. mars 2018. 
  150. Hodginson, Will (3. oktober 2003). «Classic examples (Dido Interview)». The Guardian. Henta 20. januar 2017. 
  151. Stern, Claire (8. september 2014). «Sky Ferreira on Channeling Madonna and Why Blondes Have More Fun». InStyle. 
  152. «Guest lists: St. Vincent». Pitchfork. 30. august 2007. Henta 20. januar 2017. 
  153. 153,0 153,1 «Queens of British pop (including an interview with Lily Allen about Kate Bush)», BBC Television, 1. april 2009 
  154. Wintergasten [Antony Hegarty TV' interview]. VPRO. januar 2011. 
  155. Kennedy, Gerrick D. (29. september 2010). «Big Boi talks Kate Bush». Los Angeles Times. 
  156. «Tupac Shakur Biography». IMDb.com. Henta 3 April 2015. 
  157. robb jmc (13 September 2011). «Stevie Nicks on Eagles, Kate Bush and Pat Benatar». Henta 12 April 2018 – via YouTube. 
  158. Prato, Greg (1. februar 2016). «Steven Wilson of Porcupine Tree». Songfacts. Arkivert frå originalen den 17 December 2016. Henta 17. desember 2016. 
  159. Dean, Mark (10. desember 2016). «Interview: Steve Rothery of MARILLION». AntiHero Magazine. Manchester, United Kingdom. Henta 4 February 2017. 
  160. Dead Ripper (June 2004). «SHAMAN INTERVIEW». MetalKings.com. Henta 16. februar 2017. I'm a big fan of Kate. I have all of her albums and really enjoy her music. 
  161. Brite, Poppy Z. (1997). Courtney Love: The Real Story. Simon & Schuster. s. 45. 
  162. Last Night a Record Changed my Life. Mojo. juli 2003. 
  163. Turner, Luke (5. oktober 2011). «There's A Song Playing: Brett Anderson's Favourite 13 Albums». The Quietus. 
  164. Robert Smith [interview]. Melody Maker. 23. desember 1989. s. 23. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Kate Bush