Hopp til innhald

Kate Gulbrandsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kate Gulbrandsen
Fødd6. august 1965 (61 år)
FødestadRøyken
AliasKate
OpphavNoreg
Aktiv1980
Instrumentvokal
Verka somsongar

Kate Gulbrandsen (fødd 6. august 1965 i Slemmestad) er ein norsk songar.[1] Som 20-åring vann ho ei lokal songtevling og deltok seinare i Pop-festival i 1985 i Egypt, der Arne Bendiksen var blant arrangørane. Året etter deltok ho også i World Popular Song Festival i Japan, der ho vann Golden Award med songen «Carnival» av Rolf Løvland.[1]

I 1987 vann Gulbrandsen Melodi Grand Prix med songen «Mitt liv», skriven av Rolf Løvland og Hanne Krogh.[2] Gulbrandsen fekk dimed representerte Noreg i Eurovision Song Contest 1987, der ho vart nummer 9 av 22 deltakarar. Gulbrandsen forsøkte å representere Noreg på nytt i 1989 med songen «Nærhet», men utan suksess. Seinare song ho også «Welcome to Lillehammer» i samband med vinter-OL 1994Lillehammer. Hennar versjon av «Med gullet for øyet» av Jørn Hansen var den offisielle songen for dei paralympiske vinterleikane i Nagano i Japan i 1998.

I februar 1984 gjekk Gulbransen til topps på Norsktoppen med songen «Denne natt». I 2004 hadde ho to låtar på Norsktoppen, ein av dei var ein ny versjon av Dolly Parton sin hitlåt «Jolene», som låg 11 veker på Norsktoppen. Ho var med i bandet Folk som oss saman med Ole Jørgen Grønlund, og dei gav ut eit album med same navn i 2010. Gulbransen har også gjeve ut tre soloalbum. Sidan har ho jobba sporadisk med andre artistar, og ho medverkar i ulike TV-sendingar med jamne mellomrom – seinast i 2016 som deltaker i StjernekampNRK.[3] Guldbransen har coverbandet Kate & Gutta som spelar coverlåtar i sjangrar som country, blues, pop og eige materiale.

I august 2022 gav Gulbrandsen ut singelen «Two of Us» saman med dotters si Sandra Gulbrandsen.[4]

Kate Gulbrandsen deltok i Melodi Grand Prix i 2023 med songen «Tårer i paradis», engelsk tittel «Tears in Paradise», som ho har komponert saman med Kjetil Mørland.[5]

Kate Gulbrandsen kjem frå Slemmestad og bur i Hokksund.[6][7]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1983 – «Denne natt» / «Flashdance»
  • 1984 – «Hjelp meg» / «18 år»
  • 1985 – «Første forsøk» / «Kom til mitt party»
  • 1987 – «Danger Men Working» / «Fire of Love»
  • 1987 – «Mitt liv» / «The Woman and the Girl»
  • 1987 – «Carnival» / «The Woman and the Girl on Me»
  • 1987 – «Trick of the Heart»
  • 1988 – «Welcome to Lillehammer» / «Welcome to Lillehammer (Instrumental)» – (som Kate and the Olympic Children)
  • 1989 – «Nærhet» / «Nærhet»
  • 1991 – «Så god når du smiler» / «Nærhet»
  • 1998 – «Med gullet for øyet» – (maxi-singel, som Team Paralympics & Kate Gulbrandsen)
  • 2004 – «Mister deg» («Losing You») / «Jolene»
  • 2004 – «La meg bli der»
  • 2013 – «Et annet sted»
  • 2014 – «Hellefosskonge» (med Ulabrand)
  • 2016 – «Sigøyner»
  • 2018 – «Hvor er du nå»
  • 2018 – «Mitt liv»
  • 2019 – «Første gang»
  • 2021 – «Jeg ser deg»
  • 2022 – «Two of Us»
  • 2022 – «Hokksunds fine by»
  • 2023 – «Tårer i paradis»
  1. 1 2 Rockheim. «Kate Gulbrandsen « Rockipedia». Rockipedia (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 2016-03-05. Henta 2017-05-02. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  2. «NRK TV – Melodi Grand Prix 1987 – norsk finale». NRK (på norsk). 28. februar 1987. Henta 2017-05-02.
  3. «Kate Gulbrandsen ut av «Stjernekamp»». VG (på norsk). 10. september 2016. Henta 2017-05-02.
  4. Akselvoll, Maria (2022-09-03). «(+) Satser sammen: – Mye kan skje i livet, men vi vil alltid være der for hverandre». Bygdeposten (på norsk). Henta 2023-01-04.
  5. Bugge, Niclas (2023-01-04). «Kate Gulbrandsen blir med i Melodi Grand Prix 2023». Bygdeposten (på norsk). Henta 2023-01-04.
  6. Mæland, Trond (16. oktober 2015). «Tror fortsatt på kjærligheten». Se og Hør EXTRA. s. 46–49.
  7. «Kate Gulbrandsen – Hokksund – Se Regnskap, Roller og mer». www.proff.no (på norsk bokmål). Henta 2017-05-02.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kate Gulbrandsen