Kate Markowitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kate Markowitz
Fødd28. april 1956 (67 år)
FødestadLos Angeles
OpphavUSA
Sjangerpop, moderne R&B
Instrumentvokal, Perkusjon
Verka somsongar, låtskrivar
FarRichard Markowitz

Catherine Judith «Kate» Markowitz er ein amerikansk songar-låtskrivar kjent som korsongar som har spelt inn og opptredd med ei rekkje songarar, først og fremst James Taylor, men òg Willy DeVille, Shawn Colvin, Mylène Farmer, Don Henley, Billy Joel, k.d. lang, Lyle Lovett, Graham Nash, Randy Newman, Warren Zevon og John Kaizan Neptune. Ho er dotter av den avdøde film- og fjernsynskomponisten Richard Markowitz.[1]

Markowitz hadde ein platinaplate-seljande singel i Tyskland på 1990-talet under pseudonymet Kate Yanai. Singelen byrja som ein Bacardi Rum-jingle som ho spelte inn for den europeiske marknaden. Jingelen vart så populær at ho vart beden om å gjera han om til ein song om «sommarkjærleik» i staden for rom. Ho skreiv teksten og spelte han inn (med Arnold McCuller, David Lasley og Valerie Carter på korvokal) under pseudonymet Kate Yanai. Songen heitte «Bacardi Feeling (Summer Dreamin')», og gjekk til førsteplass i løpet av to veker i Tyskland, der han heldt seg i sju veker og selde godt over 500 000 eksemplar. I 1994 gav ho ut sin andre singel «Cry, Cry Louise» som nådde 61. plass i Tyskland.

I 2003 produserte ho sitt første album, Map of the World, der ho skreiv eller var med på å skriva ei rekkje av songane.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Map of the World — 2003

Utvald arbeid[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. s. 44 Bessman, Jim Markowitz Maps Solo Career with Dad as Inspiration Billboard 27. mars 2004

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]