Kategori:Basilikaer i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kategorien femnar om kyrkjebygg (eksisterende og tapte) i Noreg oppført med form som basilika. Basilikaen har eit høgt midtskip flankert av to lågare og mindre sideskip. Denne tredelinga med søylerekker som markerer overgangen mellom skipa, er det mest typiske for basilikaforma. Ei kyrkje med basilikaform er eit langstrakt bygg, men skil seg frå den enkle norske langkyrkja ved at ein basilika er treskip og har midtskip som er høgare enn sideskipa. Basilikaforma finn ein hovudsakleg i store steinkyrkjer, men stavkyrkjer med heva midtrom (type B) har trekk av basilika. Det er uklart om stavkyrkje type B kan reknast som basilika og desse er difor ikkje med her.