Kategoridiskusjon:Øyar etter hav

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Orden i kategoriane[endre wikiteksten]

Treng ein den særskilde kategorien "Øyar i Nord-Atlanteren". I så fall foreslår eg fullstendig sletting av kategorien "Øyar i Atlanterhavet" - så får øyane der plassert i Nord-Atlanteren eller Sør-Atlanteren etter kor dei høyrer heime. Men eg syns kanskje det ville vore like greit med ein "Øyar i Atlanterhavet"-kategori? Uansett, to sidestilte kategoriar "Øyar i Atlanterhavet" og "Øyar i Nord-Atlanteren" kan ein ikkje ha.--Barend 15:36, 11 april 2007 (CEST)

Eg skjønar ikkje kvifor det skal vere umogeleg. Men eg fjerna no iallefall Øyar i Nord-Atlanteren frå Øyar etter hav. Berre fordi det fortida ikkje er ein kategori som heiter «Øyar i Sør-Atlanteren», betyr ikkje at det ikkje kjem i framtida. Det var i alle fall planen min. Å lage litt betre oversikt over eit så stort havområde ser eg heller ikkje kva som er problem med, i alle fall ikkje når Nord- og Sør-Atlanteren allereie er eit vanleg omgrep. For Stillehavet finns det derimot ikkje liknande omgrep så vidt eg veit, så der vil vel alle hamne i same kategori vil eg tru. --Frokor 18:21, 11 april 2007 (CEST)
Det er heilt greit. Det eg meinte var eit problem var at kategoriane "Øyar i Nord-Atlanteren" og "Øyar i Atlanterhavet" var på same nivå i hierarkiet. Det blir naturleg nok trøblete, sidan øyar som er i Nord-Atlanteren òg er i Atlanterhavet.--Barend 20:18, 11 april 2007 (CEST)
Joda, eg er med på den. --Frokor 20:54, 11 april 2007 (CEST)