Kategoridiskusjon:Amerikanarar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fleirtydig kategori[endre wikiteksten]

I norsk språkbruk kan vel «amerikanarar» like gjerne vise til nokon frå heile verdsdelen Amerika som nokon frå USA. Føreslår å endra overkategorien for USA-folk til «Folk frå USA», medan «Amerikanarar» viser til alle amerikanarar. -- Ranveig 22. okt. 2005 kl. 13:51 (UTC)

Heilt samd med Ranveig!
Eg kjenner folk frå ulike land i Mellom-Amerika, og dei òg reknar seg sjølve som amerikanarar.
Eventuelt kan me ha ein eigen kategori for nord-amerikanarar
--Verdlanco\ordskifte 22. okt. 2005 kl. 15:40 (UTC)
Det har me allereie - "amerikanarar" er underkategori av den. Viss eg bestemte skulle det i alle fall vore omvendt! Men eg synest eigentleg ikkje det er så mykje vits i ein stusseleg nord-amerikanar-kategori, med tre land i. -- Ranveig 23. okt. 2005 kl. 00:06 (UTC)
Me må ha ei seriøs opprydding her igjen. Nokre av amerikanar-kategoriane (t.d. Kategori:Amerikanske forretningsfolk) ligg under Kategori:Folk frå USA, andre (t.d. Kategori:Amerikanske nobelprisvinnarar) ligg, heilt riktig, under samlekategorien Kategori:Amerikanarar. Artiklar om einskildpersonar bør ikkje liggja direkte under kategoriar som heiter Amerikanske dittogdatt. I nokre kategoriar er omgrepet USA-amerikansk brukt, det er vel det beste alternativet. Slik det er no vert heile kategoriseringa meiningslaus... --Tannkrem 17:37, 15 februar 2008 (CET)