Kategoridiskusjon:Artiklar på engelsk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det byrjar å verte litt for mange artiklar i denne kategorien no. På tide å gjere ein innsats her? Vekas dugnad, kanskje? --EIRIK\diskusjon 16:20, 29 november 2006 (CET)

Er det ikkje betre å berre flytta over innleiinga og kalla artiklane for spirer, når ein ikkje gidd eller ikkje har tid til å setja om resten? Om ein har tenkt å gjera det seinare, kan ein jo likevel gjera det. Dette gjeld sjølvsagt artiklar på alle språk.
Ei innvending kan vera at artiklane då ikkje vil verta liggjande i denne kategorien, så andre kan setja om resten. Men det er vel ikkje noko problem at det ligg for få artiklar i vedlikehaldskategoriane? Mitt inntrykk er at ingen interesserar seg spesielt for å gjera ferdig det som ligg her. Og ofte kan nokon på nynorsk wikipedia skriva ein betre artikkel enn den som ligg der, men terskelen for å fjerna noko som står frå før (sjølv om det er på feil språk) er mykje høgare enn terskelen for å utvida ei spira. Eg er freista til å ta mange av dei uomsette artiklane og gjera dei om til spirer, men det kjennest på ein måte litt drastisk å fjerna så mykje. Og nokre få av dei er kanskje på veg til å verta gode nynorskartiklar, då vil ikkje eg hindra det arbeidet. --Tannkrem 17:57, 5 desember 2006 (CET)
Kanskje kan det vere fornuftig å gjere den uomsette delen usynleg? stykkjet 20:48, 5 desember 2006 (CET)
Om nokon vil gjera ferdig ei omsetjing er det sjølvsagt bra. Men dersom så ikkje skjer i løpet av rimeleg tid er eg heilt einig med Tannkrem i at det er like greitt å ta ut den utanlandske teksten. Dei som fortsatt føler seg kalla til å omsetja kan jo lett finna han i historikken. Me har ein kategori:artiklar som treng tilsyn. Artiklar som har stått der i nokre månader fordi dei er uomsette meiner eg ein kan rekna som fritt vilt. --Ranveig 20:30, 6 desember 2006 (CET)
På vegna av subgruppa Distré Anonyme Wikipedantar vil eg nemne at det kan jo hende at hyn som satt i gong omsettinga har gløymd heile prosjektet. Og at å fjerna den uomsatte teksten gjer at det blir ein oppdatert tekst som blir omsatt, om den no blir det. --Ekko 20:56, 6 desember 2006 (CET)
Så då reknar eg med at det er greit at eg fjernar lange utgreiingar på andre språk. Dette gjeld jo særleg bokmål og engelsk, der det ofte vert lagt inn innhald berre for å unngå at sidene er tomme. Informasjonen kan ein i dei fleste høve likevel finna på dei andre wikipediaane. Me kan jamvel laga lenkjer til dei framandspråklege artiklane i teksten.
Så er det òg slik at når ein gjer drastiske kutt/ endringar i artiklar, kan det gjerne føra til at andre ser seg "tvungne" til å betra dei. Så eg trur det vil vera ein fordel om dei faste bidragsytarane "øydelegg" (eller skriv om) artiklar som ikkje er gode nok, og som ingen har tenkt å gjera betre. Slik me faktisk gjer med dårlege spirer. --Tannkrem 23:29, 23 desember 2006 (CET)